No blir det utleige av elsparkesyklar i Ålesund

Ålesund kommune har mottatt søknader frå to aktørar som ønsker å tilby utleige av elsparkesyklar frå 2026. Det betyr at innbyggarar og besøkande snart kan vente seg dei første elsparkesyklane tilgjengelege rundt om i kommunen.

Ålesund sentrum_dronefoto_Ålesund havnevesen - Klikk for stort bilete Ålesund havnevesen

Utleigeselskapa skal følge kommunen si forskrift for elsparkesykkelutleige, som regulerer mellom anna parkering, mengdeavgrensing og drift. Forskrifta kom på plass etter at stortinget vedtok ei lov om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn i 2021. Dette er første gang kommunen har fått søkarar. 

I sentrum er det berre lov å parkere innanfor definerte soner, noko som skal bidra til betre framkome og færre feilparkerte syklar. Mellom Steinavågsbrua og Fagerlia kan det ikkje gis tillatelse til fleire enn 300 elsparkesyklar.

Det vil bli etablert fleire oppmerka parkeringsplassar for elsparkesyklar etter kvart. Den fysiske infrastrukturen blir bygd ut fortløpande, men det kan ta noko tid før alt er på plass. I oppstartsfasen blir det nok både prøving og feiling, men både brukarar, utleigeselskap og kommunen vil gradvis få rutinar som sikrar ein god bruk og forvaltning av elsparkesyklane.

Ålesund kommune vil halde fram med å informere om utviklinga og be alle følge gjeldande reglar for å sikre trygg, ryddig og god bruk av elsparkesykkeltilbodet. 

Plassering av køyretøy

Plassering av køyretøy, anten som utleigar eller brukar av leigeordninga, skal skje på følgande måte:

I sentrumssona skal plasseringa skje på p-plassar som er merka i kartet nedanfor.

Der det ikkje er mogleg å plassere elsparkesykkelen på oppmerka plassar skal plassering skje på ein måte som tilfredsstiller alle krav i trafikklovgivinga og i tillegg følgande minimumskrav:

  • Minimum 2 meter fri fortausbreidde
  • Minimum 2,5 meter frå ledelinjer for blinde og svaksynte
  • Minimum 2,5 meter frå alle sidene til sykkelstativ på offentleg grunn
  • Sykkelstativ skal ikkje nyttast til plassering
Kart over parkeringssoner for elsparkesykler i sentrum. - Klikk for stort bileteKart over parkeringssoner for elsparkesykler i sentrum. Nivel.no