
I statsbudsjettet for 2025 vart det vedteke å kutte satsen på meirverdiavgift frå 25 til 15 prosent. Målet var å bidra til lavare levekostnader for hushaldningar som har opplevd mindre kjøpekraft på grunn av auka prisar og høgare renter. Regjeringa anslår at moms-kuttet vil gi ei hushaldning innsparingar på mellom 500 og 1500 kroner.
Ny dato for endringa
Endringa skjedde frå 1. juli, og får no effekt for fakturaen du får for tredje kvartal (juli-august-september). Denne fakturaen får den nye satsen på meirverdiavgift på 15 prosent.
For dei som har vassmålar og les av forbruk for heile året, vil halve forbruket/halve året få den gamle satsen for meirverdiavgift medan den andre halvparten av forbruket får ny og lavare sats.
Meir informasjon finn du her: Nytt om redusert merverdiavgift | Norsk Vann