Når du som pasient, brukar eller pårørande treng hjelp til å klage

Du kan kontakte pasient- og brukerombudet viss du er misfornøgd med helsehjelpa du har fått, eller 
om du ikkje får oppfylt rettane dine som pasient, brukar eller pårørande.

Hender. Ein pleiar hjelp ein eldre person. - Klikk for stort bilete Shutterstock

Pasient- og brukerombudet kan gi råd og informasjon om dine rettar. Du kan også få hjelp til å 
benytte klageretten, søke råd om pasientskadeerstatning, og dei kan nokre ganger bistå som 
konfliktløsar i dialog mellom deg som pasient/brukar og tenestestaden.

Ombudet sine tenester er gratis, og du kan velge å vere anonym.

Ta kontakt 

Pasient- og brukerombudet i Møre og Romsdal
Tlf. 71 57 09 00 / 40 50 16 00
e-post: mr@pasientogbrukerombudet.no (sensitive opplysninger bør ikke sendes på e-post)
Postadresse: Postboks 212 Skøyen, 0213 OSLO
Besøksadresse: Astrupsgate 9, 6509 Kristiansund