Mindre rabatt for elbilar

Rabatten for elbilar (nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1) i Bypakke Ålesund blir redusert frå 50% rabatt til 30% rabatt frå 1. januar 2026.

Bomstasjon med bil som køyrer gjennom - Klikk for stort bileteBomstasjon Bypakke Ålesund

Elbilar har fått 50% rabatt sidan oppstarten av bompengeinnkrevjinga i Bypakke Ålesund i 2022. Dette var i tråd med dei nasjonale takstretningslinjene på det tidspunktet.

I 2023 vart det vedtatt på Stortinget at rabatten for elbilar kunne reduserast til 30%, men ei slik endring i rabattsystemet forutset lokalpolitiske vedtak.

Møre og Romsdal fylkeskommune og Ålesund kommunestyre har no vedtatt at rabatten for elbilar kan bli redusert frå 50% til 30%. Endringa er forventa å gjelde frå 1.januar 2026.

Stadig fleire køyrer elbil, og tida er inne for å redusere rabatten. Dette er også i tråd med dei nasjonale intensjonane om at elbilfordelane gradvis skal reduserast. 30% er framleis ein betydeleg rabatt, og gir gode insentiv til å køyre elbil i Ålesund, fortel Øystein Tvedt, leiar for styringsgruppa i Bypakke Ålesund.

Sender søknad i haust

Bompengeselskapet Vegamot vil sende søknad til Vegdirektoratet om endring i rabatten i løpet av hausten. I same søknad vil dei få med den årlege prisjusteringa, basert på konsumprisindeks. Vegdirektoratet behandlar søknaden, og gjer eit nytt takstvedtak. Normalt blir slike søknadar godkjent av Vegdirektoratet.  Nye prisar og rabattar vil bli kunngjort i november/desember 2025.


Stor auke i talet elbilar

Talet på elbilar i Bypakke Ålesund har auka betydeleg dei siste åra, og delen elbilar er no på om lag 35%.

  • Sidan oppstarten av bompengeinnkrevjinga i 2022 har elbildelen i Ålesund auka med ca. 5% per år.
  • Talet er forventa å auke ytterlegare framover, og heile 95 prosent av alle nybilar som vart selt i Ålesund kommune i 2024 var elbilar (kjelde: Statens vegvesen).
  • Desse tala følgjer utviklinga i resten av landet, og reduksjon av elbil-rabatten har allereie blitt innført i mange vegprosjekt og bypakkar rundt om i landet.

Auka i talet på elbilar har ført til ei betydeleg inntektssvikt for Bypakke Ålesund.