Miljøfyrtårn treng ikkje vere hokus pokus!

Det meiner leiar for berekraft i Sparebanken Møre, Cecilie Myrstad. 

Dame med brunt hår som smiler i kamera.  - Klikk for stort bilete Kristine Wolff Ness & Khadija M. Omar

Som leiar for berekraft i Sparebanken Møre (SBM) ønsker ho å dele innblikk i korleis banken arbeider for å redusere sitt miljøavtrykk og skape ei meir berekraftig framtid. Berekraft har lenge vore viktig og sidan dei byrja å arbeide med det i 2019 har dei hatt ein del på stell. Hovudkontoret og alle banken sine 27 filialar er miljøfyrtårnsertifisert, og med tilsette og kundar på lag er sertifiseringa blitt ein del av strategien. Gjennom arbeidet med miljøfyrtårn fekk dei nye sjekklister og måtar å kvalitetssikre arbeidet deira på. Dei gjennomførte ei gap-analyse for å sjå kva som var på plass og kva det var behov for å arbeide med.

– Vi måtte kartlegge krav opp mot det vi gjorde og få eit godt overblikk over kva som mangla, slik at vi kunne definere tiltak., seier Cecilie Myrstad.

Viktig å involvere kundane

Dei har involvert kundane sine i det berekraftige arbeidet gjennom kundeundersøkingar, dialog og mellom anna tilbod om grøne lån. Der desse låna også er retta mot energieffektivisering i privat hushald og næringsbygg.

– Porteføljen vår er differensiert, men en stor andel er knytt til næringsbygg på næringsliv, så det å ha ein dialog om miljøfyrtårn har vore ein naturleg del av samarbeidet med kundane.

MIljøfyrtårnsertifikat på hylle.  - Klikk for stort bileteMiljøfyrtårnsertifikatet er stolt vist fram på kontoret Kristine Wolff Ness & Khadija M. Omar

Kvifor ønska Sparebanken Møre å bli sertifisert?

– Vi stiller krav til våre kundar og samarbeidspartnarar om å jobbe systematisk med berekraft, og da er heilt naturleg at vi også kan oppfylle dei same krava. Det er også god erfaring å ha praktisk erfaring med krava vi stiller. Dei ønska å være ein rollemodell og drivkraft innanfor berekraft. Dei vil lære og engasjere dei tilsette slik dei blir oppmerksam på effekten og motivere tilsette til å bidra.

Korleis har de samarbeida mellom dei ulike avdelingane?

–  Vi har 27 kontor i tillegg til hovudkontoret, så det er viktig for oss at alle kontor har god kjennskap til berekraftstiltak og arbeidet med Miljøfyrtårn.  

Blant anna blei workshops og leiarmøte nytta aktivt for å forankre og bygge kjennskap til Miljøfyrtårn. I tillegg til hovudkontoret vart også alle bankens avdelingar ferdigsertifisert i hausten 2023 og dei siste våren 2024.

Kva har vore dei viktigaste tiltaka de har implementert?

– Gjennom arbeidet med Miljøfyrtårn, har fokuset vore på tiltak  knytt til energieffektivisering for bankens kontor, samt andre tiltak som bidreg til å redusere klimautslepp.

Dei har hatt klimaregnskap for hovudkontora i fleire år. Med Miljøfyrtårn-rapporteringa blei dette no ned på kvart enkelt kontor, og da fekk dei benchmarka kontora opp mot kvarandre og såg lettare kvar dei burde iverksette tiltak. Mellom anna var det montert sensorar for regulering av lys og temperatur. Samtidig har nokre oppgradert ventilasjonssystem og fått montert varmepumpe. På generelt grunnlag har det auka bevisstheita til dei tilsette, slik dei vil og skal gjere små tiltak. Summen av desse tiltaka på energieffektivisering har gitt både økonomiske og miljømessige gevinstar. Cecilie forklarar vidare:

–  Det er ingen "hokus pokus" bak det – det handlar om enkle, konkrete tiltak som gir resultat over tid.

Miljøfyrtårn-sertifiseringa har blitt ein viktig del av strategien til Sparebanken Møre for å møte både dagens og framtidas miljøutfordringar.

Sertifiseringa har blitt ein del av den daglege drifta

Cecilie fortel at sertifiseringa har i stor grad bidratt til auka fokus på energieffektivisering for kontora i SBM. Når det gjelde dei tilsette informere dei om sertifiseringa gjennom felles interne kommunikasjonskanalar og vert feira ved anledning.

– Vi markerer milepælar som sertifiseringa av hovudkontoret og sjølvsagt også lokale markeringar ved kvart enkelt kontor når dei fekk sitt Miljøfyrtårn bevis gjennom både interne og eksterne annonseringar. Det har vore med på å auka medvit og haldningsendringar blant dei tilsette, og ein funfact er at vi har redusert bruken av eingangskoppar med 20% berre det siste året. Så alle monner drar.

Sertifiseringa for SBM er ein del av deira breiare berekraftsarbeid. Miljøfyrtårn er med på å gi ein struktur og eit system som hjelper verksemder med å kvalitetssikre og forbetre berekraftsarbeidet sitt.

Kva planar har de for å vidareutvikla og forbetra den miljøvennlege praksisen dykkar i framtida?  

SBM har sett eit mål om å bli netto nullutsleppsverksemd innan 2050. Banken definerer si eiga rolle som ein pådrivar i omstillinga til eit nullutsleppssamfunn, der dette inneber kompetanseheving og utvikling av produkt som motiverer kundane til berekraftige val.  

– Vi har også fokuset på finansiell inkludering og god økonomisk helse for å sikra at alle kundar, uansett alder eller behov, har tilgang til våre tenester, og at dei gjer val som bidreg til ein god og sjølvstendig økonomi.  

Kva vil de tilrå andre bedrifter som arbeider mot å sertifisera seg?  

– Eg anbefaler andre bedrifter å sertifisere seg for å få ein oversiktleg og systematisk måte å arbeide med berekraft. Sertifiseringa bidrar til økonomisk innsparing og gjev konkurransefortrinn.  Mange verksemder vil oppdage at dei allereie har mykje på plass, og at sertifiseringsprosessen i stor grad handlar om å systematisere og dokumentere eksisterande praksis. Gjennom prosessen får dei god oversikt og kan iverksette tiltak der det monner.

Myrstad legg og vekt på at miljøfyrtårn sine nettsider har mykje god informasjon, samt at dei tilsette i Miljøfyrtårn er gode å sparre med. Med nyttige verktøy som klimarekneskap, gode veiledarar og forbetra rapporteringsløysingar, blir sertifiseringa stadig meir tilgjengeleg, spesielt for mindre verksemder med avgrensa ressursar.

Sjå miljøfyrtårn sine nettside for meir informasjon