Illustrasjonsfoto.
Shutterstock
Med rette leveforhold kan eit rottepar få fire til sju kull i løpet av eit år, og to rotter kan dermed i løpet av eit år bli til tusen rotter.
Våren og sommaren er ei tid der mange et mat ute. Dette gjeld ikkje minst 17. mai og andre merkedagar som samlar mykje folk til utandørs måltid. Matrestar kan då gjere livet til ein fest også for rottene. Det er difor viktig å sørge for at det ikkje blir liggande igjen mat og boss som kan vere næring for skadedyra.
Rotter kan skape problem i heile kommunen
Det er meldt om rotter både i bygater og i meir landlege strøk. Ingeniør i verksemd for Vatn og avløp, Egil Hoel, er ofte ute på tilsyn med avløpsanlegg. Han fortel at rotter ofte blir observert, og at dette kan vere eit problem både for kommunen og for private.
Rotter er skadedyr. Dei kan mellom anna gnage på og skade elektriske anlegg, betongrøyr, plastrøyr og koplingspunkt for vass- og avløpsnettet, slik at det blir lekkasjar. Rottereir kan dessutan gi tette røyr og overfløyming.
Rotter kan òg gjere stor skade i bustader. Dei kan ta seg inn gjennom sprekker på ned til 12 mm og lage bol i veggisolasjon. Dersom rotter døyr inne i veggar, kan det gi betydeleg luktproblem.
Rotter – ei potensiell smittekjelde
Alle kan vere uheldig å få rotter i hus. Oftast har det ingenting med dei hygieniske forhalda i bustaden å gjere, men handlar om manglande sikring av bygg og tilgang på mat.
Kommuneoverlege Siri Nes Tjørstad fortel at rotter kan spreie smitte, og at det difor er viktig å halde rottebestanden nede. For å hindre at fuglemat blir næring for rotter, oppmodar kommuneoverlegen til å unngå fuglemating på offentleg stad.
Rotter er ofte i kontakt med kloakk og søppelrestar, og kan vere berarar av virus, bakteriar og parasittar som kan gi sjukdom hos menneske. I Noreg er det i hovudsak snakk om diarésjukdomar.
Her er nokre gode råd for å førebygge rotteproblem og halde rottene unna:
- Ikkje legg mat til fuglane på bakken. Større fuglar finn maten sin sjølve.
- Mat til småfuglar kan plasserast i fuglematarar med oppsamlingbrett som hindrar søl på bakken
- Ha matrestar og matemballasje i bosset, ikkje på offentleg stad
- Ha ryddige uteområde. Rottene trivast der dei kan gøyme seg, som i kratt, høgt gras, bak vedstablar osv.
- Ha tett hus. Tett igjen hol, sprekkar, utette kjellardører osv.
- Ha tett boss- og matavfallsdunk
- Ha lukka kompostbehaldar og unngå å kaste mat i kompostbehaldarar som ikkje er godkjent for dette
- Ha reine og ryddige kjellarar og garasjar
- Ikkje la hundemat eller kattemat stå ute om natta