Linjer for overføringsnettet

Kartet for kvar overføringsnettet til Kongshaugen reinseanlegg er i ferd med å bli ferdig teikna. 

kart som viser overføringsnettet - Klikk for stort bileteDette kartet viser i grove trekk kvar overføringsleidningane til Kongshaugen reinseanlegg skal gå.

 

Dei komande par åra skal det byggast overføringsnett til Kongshaugen reinseanlegg. Sjølv om det for nokre er lenge til dei vil merke noko av byggearbeid, så vert det no sendt ei første melding til dei som bur nærast dei komande leidningane. 

Ein første informasjon er også lagt ut her på heimesida til BLÅ fjordar medan meir detaljert informasjon vil kome når det nærmar seg byggestart.

Naboar og private grunneigarar

Røra på land vert for det meste lagt på offentleg grunn, medan det nokre plassar vil gå over landbruksareal og privat grunn. Nokre stader kjem vi også til å bore tunnel for røra i staden for å grave grøft.  

Vi har vore i kontakt med ein del grunneigarar og vil fortløpande ta kontakt med grunneigarar etterkvart som prosjektet går framover og det nærmar seg arbeid nær dei.

Her finn du overordna informasjon om kvar delstrekning.  

Mesteparten i sjø

Det meste av overføringsleidningane skal leggast i sjø. Det er billegast og mest gunstig for klimaet.

Vi gjer også det vi kan for å få fall på leidningane slik at vi er energieffektive og får hjelp av tyngdekrafta til å frakte vatnet. Det blir i tillegg gode rutinar for spyling og pluggkøyring av røra, for å ha opne, reine rør utan unødvendig motstand når ein skal frakte vatnet fram til Kongshaugen.

Vi tar omsyn til friluftsområde, verneverdig natur, fornminne og så bortetter. Det same gjeld i sjø der ein vi må ta omsyn til kulturminne og naturvernområde, fiskeri, båttrafikk, vêr-, bølgje- og straumforhold, botnforhold og installasjonar.