Verksemdsleiar for organisasjon og utvikling i Ålesund kommune, Helge Veum, prosjektkoordinator Margrete Emblemsvåg frå innovasjonsstøtte i Ålesund kommune og Professor i vann- og miljøteknikk ved NTNU Ålesund, Razak Seidu, avslutta møtet med å diskutere vegen vidare og håp om vidare samarbeid.Nyleg samla tilsette både frå Ålesund kommune og NTNU seg til ei markering og oppsummering av kva ein har fått til gjennom fleire års samarbeid.
- Dette er eg oppriktig stolt av, sa assisterande kommunedirektør Anne Mette Liavaag, og la til at samarbeidet er eit godt eksempel på kva ein kan oppnå når ein koplar praktisk og akademisk kompetanse.
Samarbeidet har pågått sidan 2016 og det siste prosjektet, Digiwater, har sluttdato i 2026. Målet har vore tryggare drikkevatn og smartare forvalting av drikkevasskjelda.
- Vi er vertskommune for eit universitet, og forskings- og utviklingsarbeid har vore eit prioritert område for kommunen der også vi arbeider for å utvide porteføljen vår. Kommunen er og bør vere eit forskingslaboratorium for å framskaffe ny kunnskap.
Ny informasjon om Brusdalsvatnet
Joseph Kwarko-Kyei la fram funn frå sitt doktorgradsarbeid om korleis E39 påverkar Brusdalsvatnet.Det har nettopp prosjekta rundt vatn vore. Og i samarbeid med mellom anna Regional forskingsfond og Mattilsynet er det resultert i fleire masteroppgaver og doktorgradsavhandlingar.
Noko av det det har vore knytt mest spenning til er resultata av forsking på veg og trafikk sin påverknad på Brusdalsvatnet. Digiwater har gjort at vatnet blir testa for fleire stoff enn før og det blir testa oftare. Eit av resultata viser at trafikk står for 65,9 prosent av forureininga til vatnet.
Det er også rekna på kor mykje mikroplast frå veg og trafikk som hamnar i vatnet og korleis dette vil utvikle seg framover, med berekningar som viser at i 2050 kan mengda kilo dekkslitasje per år vere dobla.
Digital tvilling
Avdelingsingeniør i Vatn og avløp, Sophie Schneider, forklarte praktiske nytte og viste korleis dei allereie har tatt i bruk modellane i Vatn og avløp.Gjennom åra med samarbeid er det dessutan utvikla stadig meir avanserte hydrologiske modellar for Brusdalsvatnet, og der ein no har fått ein digital tvilling som gir informasjon om vatnet i sanntid. Informasjonen som ligg i modellane kan brukast for eksempel i ein krisesituasjon, for å berekne kor lang tid det vil ta før forureining og utslepp spreier seg og når inntaksleidninga og dermed går vidare inn til vassbehandlingsanlegget.
Tilsette i Vatn og avløp er alt i gang med opplæring i bruk av modellen. Modellane gjer det også enklare å ta med klimaendringar som meir regn inn i langtidsplanlegging innan vatn og avløp.
I tillegg til desse eksempla er det også gjort utviklingsarbeid på område som maskinlæring, for å effektivisere vassbehandling, og visualisering av leidningsnett for å gjere det enklare å vite kva som ligg i bakken og kvar hen.
Vidare samarbeid
Professor i vann- og miljøteknikk ved NTNU Ålesund, Razak Seidu, fortalte om samarbeidet som har pågått sidan 2016. Til høgre Bjørn Skulstad, seniorrådgivar i Vatn og avløp, som har vore pådrivar for samarbeidet.Digiwater-prosjektet går mot ein ende, men både professor i vann- og miljøteknikk ved NTNU, Razak Seidu, og verksemdsleiar for organisasjon og utvikling i Ålesund kommune, Helge Veum, håper samarbeidet vil halde fram og at ein bruker og vidareutviklar kunnskapen som prosjektet har framskaffa.
Razak Seidu peiker på at det framover blir viktig å tenke strategisk og langsiktig rundt korleis kommune og universitet kan ha nytte av kvarandre. Han peikte også på nytten å ha Ålesund som «ein levande lab» der ein kan samarbeide om ulike oppgaver.
- Kommunen vil tene på denne testinga og innovasjonen – som at ein no har verktøy til å ta strategiske beslutningar for å trygge drikkevatnet – og vi har nytte av å få kunnskapen frå prosjekta inn i utdanninga ved NTNU.
Helge Veum følgde opp med at seie at å jobbe meir kunnskapsbasert er eit strategisk mål for kommunen.
Vidare samarbeid er både mogleg og noko vi bør satse på.
NTNU, Ålesund kommune, Regionalt forskingsfond og Mattilsynet er mellom deltakarane i samarbeidsprosjektet, og fleire var med på samlinga i formannskapssalen for for å få oppdatert kunnskap både om prosjektet og Brusdalsvatnet.