Kokevarsel til gamle Sandøy kommune Det er funne bakteriar i ei vassprøve i Sandøy, og det blir gitt kokeanbefaling til alle i gamle Sandøy kommune.Det er gjort funn av intestinale enterokokkar i samband med rutinemessig prøvetaking. Dette er tarmbakteriar og er ein indikator for forureina vatn. Difor blir det sendt ut kokevarsel som eit føre var-tiltak. Funnet vart gjort på prøvepunkt i Morsundet på ei leidning som er ein del av leidningsnettet for heile gamle Sandøy kommune. Dermed går kokevarselet til alle innbyggarane i området. Verksemd for Vatn og avløp i Ålesund vil følge opp med nye prøver, og anbefaling om koking vil gjelde fram til ein får stadfesta at vatnet er reint. Dette vil ta nokre dagar.Innbyggarane det gjeld har fått kokevarsel på sms og vil få oppdatering også via sms. Bur du i området, men ikkje har fått sms? Her kan du lese meir om korleis du sikrar at du får viktig informasjon frå kommunen. Gode råd ved kokevarsel (også på engelsk, polsk, litauisk og ukrainsk) finn du her. Sist endra 20.05.2026 18.59