Ein sommardag med masse badeglade mennesker på Volsdalsberga.Ålesund kommune har teke nye prøver av badevatnet ved fleire av dei mest brukte badeplassane. Resultata viser at det jamt over er gode forhold for bading no.
Prøvene frå 15. juni viser låge nivå av bakteriar ved alle målepunkta, noko som tyder på gode hygieniske forhold.
Friskt badevatn
Badetemperaturen ligg mellom 13 og 14 grader på dei målte stadene. Det er kjøleg, men heilt normalt for årstida i sjøen i Ålesund.
For mange vil vatnet opplevast som friskt, men det er likevel gode moglegheiter for fine bad – særleg på varme dagar og i lune område der vatnet kan vere litt varmare.
Badetrygt, men følg med
Målingane viser tilfredsstillande vasskvalitet på dei undersøkte badeplassane. Samtidig kan forholda variere, særleg etter periodar med mykje nedbør.
Vêr, tilsig frå bekkar og lokale forhold kan påverke vasskvaliteten frå dag til dag.
Finn din badeplass
Er du på jakt etter ein stad å bade i ferien? På våre friluftssider finn du oversikt over tilrettelagde badeplassar i Ålesund: https://alesund.kommune.no/friluft
Her finn du informasjon om badeplassar, friluftsområde og turmoglegheiter – perfekt for varme sommardagar.
Følg med på oppdatert informasjon
Oppdaterte prøveresultat og status for badevatnet finn du på sida om badevasskvalitet.