Skjermbilde frå KIKI MRKiki MR er utvikla av Digi Møre og Romsdal i samarbeid med fleire kommunar, og er spesielt designa for å møte skolen sitt behov for ei sikker og pedagogisk KI-teneste. Løysinga gir elevar ein lik muligheit til å utforske kunstig intelligens i trygge rammer, samtidig som ho tilbyr lærarar eit nytt verktøy i undervisninga.
Kiki MR vil gi elevar og lærarar mulegheit til å:
- Utforske og lære om kunstig intelligens på ein kontrollert måte.
- Bruke KI som eit verktøy for informasjonsinnhenting og oppgåveløysing.
- Utvikle kritisk tenking rundt bruk av KI-teknologi.
Løysinga kjem med rettleiingsmateriell og ressursar som skal støtte skolane i implementeringa og bruken av Kiki MR. Dette er eit ledd i kommunen sitt arbeid med å ligge i forkant av den teknologiske utviklinga og sikre at alle elevar får dei beste føresetnadene for læring og meistring.
Retningslinjer og bruk av tenesta
- Elevar og lærarar blir oppfordra til å ikkje dele personlege eller sensitive opplysningar.
- Skulane har hatt fagsamlingar om kunstig intelligens og opplæring i bruk av Kiki.
Slik logger du på
Dette er ei teneste for elevar og lærarar. Elevar kan logge seg på med sin Feide konto.
Logg på KIKI MR
For support, ta kontakt med din skole.
Personvern
Tiltak for å ivareta personvernet er implementert i løysinga. Les meir: Personvern og digitalisering
Databehandlaravtale: Ja