Jentebølgen Ålesund 2026Søndag 31. mai arrangerast folkehelseløpet Jentebølgen i Ålesund. Det er venta mange løpeglade i området rundt Sparebanken Møre Arena og Nørve denne ettermiddagen og vi ber trafikantar om å vise omsyn. Jentebølgen Start og mål er ved Sparebanken Møre Arena. Løypa går via Sjømannsvegen, over innfartsvegen og vidare innover langs Borgundvegen før retur via Nørvegata og tilbake til mål. Deltakarane vil krysse vegen nokre plassar, og det vil vere vakter på plass mellom kl. 15.30 – 18 for å sikre trygg gjennomføring:Krysset Borgundvegen/KrohnbakkenKrysset Nørvegata/BorgundvegenPåkøyring til innfartsvegen ved NørvebruaVil du bli med?Jentebølgen er eit inkluderande folkehelseløp på ca. 5 km, spesielt retta mot kvinner. Målet med arrangementet er å fremme fysisk aktivitet, mental helse og samhald – og passar for både dei som vil gå og springe. Vi ønsker alle deltakarane eit godt løp!Les meir om Jentebølgen Ålesund Sist endra 28.05.2026 15.02