Inviterer til åpen julefeiring i bystyresalen

Ser du etter nokon å feire jul saman med? På julaftan inviterer fleire lokale aktørar til ei open og gratis julefeiring i bystyresalen på Ålesund rådhus.

Åpen julefeiring blir arrangert av lokale organisasjonar og Ålesund kommune. Julematen blir laga av Norske Kokkers Landsforening Møre og Romsdal. Bypatrioten

For mange er jula ei tid for familie og tradisjonar. Samtidig finst det mange som av ulike grunnar ikkje har nokon å feire saman med. Kanskje er du nyleg blitt aleine, er student langt frå familien eller nyinnflytta til byen. Då er du velkomen til Åpen julefeiring i Ålesund.

I bystyresalen på Ålesund rådhus blir det servert tradisjonell julemat og dessert, kulturinnslag og sosialt samvær. Det blir også gang rundt juletreet. Dørene opnar klokka 16.30, og kvelden blir avslutta klokka 20.00.

– Du kan kome som du er. Det viktigaste er at vi får vere saman og skape ei god julefeiring for alle som ønskjer fellesskap på julaftan, seier vertskap for kvelden, Monica Uggedal Longva.

 

Det blir dekka til stemningsfull feiring i bystyresalen til julaftan. Ålesund kommune

Meld deg på

Arrangementet er gratis og ope for alle, uavhengig av livssyn og trusretning. Påmeldingsfristen er søndag 13. desember 2026. 

Meld deg deg på julefeiringa her.
 

Bidra som frivillig

For å skape ei god julefeiring for alle gjestene treng vi hjelp frå fleire frivillige. No ser vi etter deg som ønskjer å bidra til gjennomføringa av arrangementet. Påmeldingsfristen er 10. desember.

Registrer deg som frivillig her. 

Åpen julefeiring blir arrangert av Kirkens Bymisjon, Røde Kors, Mental Helse, Ålesund og Volsdalen menighet, Norske Kokkers Landsforening Møre og Romsdal, Ålesund frivilligsentral og Ålesund kommune. Maten blir laga av Norske Kokkers Landsforening Møre og Romsdal.