Isabell Røssevold Heggøy er på fireårs-kontroll på helsestasjonen. Her møter ho helsesjukepleiar Nina Veddegjerde Elvebakken som har følgd Isabell sidan ho var baby.I fjor var det 586 nye verdsborgarar som føddest som ålesundarar og fekk tilbod om eit tett og godt oppfølgingsprogram med helsetenesta.
Alt ein til tre dagar etter fødsel får den nye familien tilbod om heimebesøk frå jordmor. Etter 7-10 dagar følger helsesjukepleiar opp med besøk heime for dei som ønskjer det.

Dette er starten på eit løp der det er tettast kontakt i starten og der det vekslar mellom individuelle avtalar og gruppetreff. Etter fire veker kan du vere med i barselgruppe og seks veker etter barnet er fødd, er det både legekontroll og besøk hos helsesjukepleiar. Så er det nytt kontaktpunkt etter tre månader, etter fire månader får du tilbod om gruppetreff eller individuelt møte og etter fem månader er det tid for ny avtale hos helsesjukepleiar før det er seks månaders-kontroll og lege og helsesjukepleiar.
Ser heile familien
Nokre av dei du kan møte er Nina Veddegjerde Elvebakken, Wenche Skarbø og Maria Birthe Nerem. Dei er tre er helsesjukepleiarar som møter og følger opp barn og familiar og ein del av helsestasjonstenesta der dei har til saman 63 årsverk med ulik fagkompetanse.
I tillegg til oppgaver som vaksinasjon, sjekk av syn og hørsel, motorikk og utvikling handlar møta med foreldre og barn også mykje om rettleiing og støtte.
Vi ser at det er eit stort behov for mykje og tett oppfølging, og spesielt når barna er minst. Foreldra treng rettleiing og nokon å prate med som har teieplikt og som kan sjå heile familien.
Det er lagt opp til at det er same helsesjukepleiar barn og foreldre møter heile vegen. Etter det første halvåret går løpet vidare med nytt treffpunkt etter sju månader dersom det er behov for det, i gruppe eller individuell avtale ved åtte månader, deretter ti månader og så eit-årskontroll med lege og helsesjukepleiar. Vidare er det nye møtepunkt ved 15 månader, 18 månader, to år, fire år og ved skulestart.
Og andelen barn i Ålesund med fullført helseundersøking ved skulestart er eit punkt der Ålesund er ein av dei kommunane som ligg heilt på topp i KS (Kommunesektorens organisasjon) sitt Kommunebarometer for 2026.
Trygt og fagleg dyktig lavterskeltilbod

Tenestene frå helsesjukepleiarane er lovpålagt, men dei ser også at dei er ei ønska og etterspurt teneste.
- Foreldra er takknemlege for tilbodet og det er ikkje mange som takkar nei til tilbod frå oss. Det er heller tvert om; at foreldre kan ønske seg tettare oppfølging. Vi er ei teneste med eit godt renommé, vi opplevast som trygge og lavterskel, og så er det noko med at når alle får tilbodet, så er det lettare å seie ja.
Hjelp til å navigere i informasjonsflaumen
Dei tre helsesjukepleiarane seier at foreldre får mykje informasjon frå mange stader, men at det kan vere vanskeleg å vite kven ein skal lytte til og korleis ein skal navigere i informasjonsflaumen.
- Då får foreldra møte oss som dyktige fagpersonar som følger nasjonale og faglege retningslinjer. Det ser vi gir tryggheit for foreldra.
Helsesjukepleiarane fortel også at dei ser at mange opplever at det er auka krav til foreldrerolla og at det kjennast overveldande.
Mange kjenner på store forventningar og at det er tøft. Då kan vi normalisere og trygge dei på at det å vere foreldre ikkje er noko instagram-liv. Foreldra er også flinke i barselgruppene til å bruke kvarandre og snakke om det som er vanskeleg. Slik får vi som fagpersonar og i tilbodet på helsestasjonen jobbe forebyggande og fremje helse framfor uhelse.

Helsestasjonen er også både brubyggar inn mot resten av støtte-apparatet som jordmor, legar og psykolog, samtidig som dei avlastar både fastlegar og spesialisthelsetenesta. I tillegg har dei tett samarbeid med skulane.