Heiderspris og busetting av flyktningar

Formannskapet skal ha møte på føremiddagen tysdag 2. desember. På saklista står blant anna busetting av flyktningar og kven som skal få heidersprisen for 2025.

Hendes som blar i papir - Klikk for stort bileteIllustrasjon Ålesund kommune


Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) ber Ålesund kommune om å busette totalt 140 flyktningar for 2026, der fem av desse er einslege mindreårige mellom 15 og 18 år. Kommunedirektøren innstiller på at kommunen skal ta imot 140 flyktningar i 2026.

Mot slutten av møtet vil formannskapet lukke dørene og behandle saka om Ålesund kommune sin heiderspris 2025. Alle kommunedelsutvala har nominert sin kandidat, og formannskapet skal avgjere kven som får prisen i år.  Sjølve utdelinga vil skje i det siste kommunestyremøtet i år, 11. desember.  Sjå kandidatar og grunngiving frå kommunedelsutvala i sakspapira. 


Dette er nokre av dei andre sakene som skal opp på formannskapsmøtet 2.12, møtet startar kl. 09.30:

  • Forenkla månadsrapport – kommuneøkonomien per 31.10.25
  • Gang- og sykkelveg Humla/Tørla – ny gangbru over Tjørsundet – auka økonomiske rammer
  • Spjelkavik Idrettslag - søknad om betalingsparkering ved den gamle skiheisen
  • Utviding av interkommunalt beredskapsråd
  • Forvaltningsmål for hjort – Ålesund kommune
  • Driftstilskot veterinærvakt – Ørskog veterinærområde
  • Ratvika – Prinsen Bustadfelt – utbyggingsavtale og fråvik mva fordeling
  • Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse 2025 og overordna beredskapsplan 2025
  • Lokal forskrift om skriftspråk ved kvar skole

Sjå sakspapir til møtet

Følg møtet på Kommune-TV

Vi sender møtet direkte på Kommune-TV fra klokken 09.30. Om du følger lenka får du flere valg til kameravisning, blant annet kan du se det som presenteres i egen skjerm i Kommune-TV.  Her vil du også kunne se forslag underveis og se voteringen. Alternativt kan du trykke spill av på video under.