Haustens første formannskapsmøte – desse sakene skal behandlast
Tysdag 25. august klokka 09.30 er det klart for haustens første møte i formannskapet.
Marit Brunstad/Ålesund kommune
På saklista står fleire saker som kan få betydning for både innbyggjarar, næringsliv og lokaldemokratiet i Ålesund. Her er eit utval av sakene som skal behandlast:
- Politisk struktur og talet på kommunestyrerepresentantar frå 2027
Formannskapet skal diskutere om dagens kommunestyre på 47 representantar skal vidareførast eller om talet skal reduserast i neste valperiode. - Nye reglar for alkoholservering og sal
Kommunen skal behandle forslag til reviderte alkoholpolitiske retningsliner, med mellom anna reglar for netthandel og heimlevering av alkohol, krav til opplæring av tilsette og oppdaterte skjenkereglar. - Hjorteforvaltning og tryggleik på vegane
Formannskapet skal behandle to saker knytte til hjortebestanden i kommunen. Eit nytt måldokument skal bidra til færre viltpåkøyrsler og mindre skade på jord- og skogbruk. Samtidig skal politikarane ta stilling til om forslag av bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved hjortejakt skal sendast på høyring.
Sjå heile saklista og alle sakspapir i Møteportalen.
Følg møtet direkte på Kommune-TV
Du kan følgje møtet direkte på Kommune-TV frå klokka 09.30. Der kan du også velje mellom fleire kamera i sendinga.
Sist endra 20.08.2026 14.26