Grunnundersøkingar ved Langevatnet

No i slutten av juni blir det anleggstrafikk og anleggsarbeid langs vegen opp til Langevatnet og på dammen ved utløpet av vatnet.

kart - Klikk for stort bileteKart som viser prøvepunkta der det skal gjerast grunnundersøkingar.

Ålesund kommune har fått pålegg frå Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) om å utbetre og gjere dammen ved Langevatnet sikrare.

I samband med det vert det no gjort grunnundersøkingar på 15-20 stader langs vegen opp til vatnet og på dammen ved utløpet av vatnet.

Ver forsiktig i møte med anleggsarbeidet

Det vert grave i terrenget på eit område på om lag 4 x 5 meter på kvart punkt. Områda blir rydda og terrenget tilbakeført når arbeidet er ferdig. 

Arbeidet vil ta nokre få dagar.

Kommunen ber turgåarar vere forsiktige og ikkje gå for nær maskinar og anleggsarbeid.

Grunnundersøkingane blir gjort i samband med forprosjekt for utbetring av dammen. Etter at forprosjektet er ferdig går ein over til detaljprosjektering. Denne planen skal så godkjennast av NVE før utbetringsarbeidet kan starte. Det vil truleg bli i 2027 eller 2028.