Ålesund kommune sin prosjektleiar for vassbehandlingsanlegget, Marthe Strømme, og miljørådgivar hos Multiconsult i Møre og Romsdal, Kjersti Finholt, seier det har vore tenkt på gjenbruk av naturen sine ressursar heilt frå startDen nye pumpestasjonen som er bygd i samband med det nye vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen nærmar seg ferdig. Utandørs er området rundt bygget sett i stand og klart til å gro og vekse seg grønt og fint igjen. Det er gjort på ein forholdvis ny måte her i regionen.
Ålesund kommune sin prosjektleiar for vassbehandlingsanlegget, Marthe Strømme, og miljørådgivar hos Multiconsult i Møre og Romsdal, Kjersti Finholt, seier det har vore tenkt på gjenbruk av naturen sine ressursar heilt frå start.
Budsjettgevinst og miljøgevinst
Tre har stått på lager og venta på å bli planta tilbake i området ved pumpestasjonen. Då sikrar ein rask tilbakeføring av naturen.Etter at framandartar var fjerna, vart topplaget av jord skrapa av, flytta og lagra i nærheita. Slik får ein ta vare på dei lokale frøa som ligg lagra i jorda. Nokre store tre vart ståande igjen medan andre tre, som hasseltre, vart kutta ned til ein meters høgde, gravd opp og sett på lagring i nesten to år før dei no er planta ut igjen.
- Dermed har vi kunne stelle i stand igjen med kortreist jord med dei same frøa og trea i staden for ny, dyr jord og vi slapp både å køyre vekk jord og køyre til ny jord. Det sparer vi pengar, kuttar klimautslepp og få miljøgevinst.
For å sikre god vekst og nok frø i jorda er det kjøpt frø som er tilpassa nordvestlandsk vegetasjon frå ein frøbank.
- Med alle desse tiltaka har vi planter som vi veit vil trivast på tomta og sørger for rask tilbakeføring til naturen.
Det er også lagt tilbake døde tre frå tomta for å gi insekt og mikro-organismar ein «god heim» og bidra til biologisk mangfald. Det også er med på å sikre lokalt genmateriale og lokalt artsmangfald.
Kreativt og artig resultat
Prosjektleiar hos Svinø Entreprenør, Per Kåre Alvestad, seier dei ser at spesielt offentlege oppdragsgivarar no i større grad tenker nytt rundt korleis dei steller tomter i stand tilbake til natur med mellom anna bruk av blomstereng.
- Og i dette prosjektet her har medarbeidarane våre, mellom anna ein lærling innan anleggsgartnar-faget, fått utfalde seg og vere kreative. Det er artig å sjå resultatet med gjenbruk av stein og stubbar som er med på å gjere tomta meir naturleg og levande.