Frå ord til handling – 5 konkrete berekraftsprosjekt

I prosjektet Jakta på berekraftsmetoden arbeidde fleire arbeidsgrupper i 2021 med konkrete forslag til løysingar på utfordringar i Kristiansund, Molde og Ålesund. Utfordringane er innan avfallshandtering, lønnsgap mellom kvinner og menn og vatn og avløp.

 

illustrasjon: To kvinner i et drivhus lener seg over grønne planter. Den ene gir en grønn plante til den andre. - Klikk for stort bilete TINGH/Erik Birkeland

  

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Over 50 personar frå næringslivet og kommunane har vore med i arbeidsgruppene i pilotprosjektet Jakta på berekraftsmetoden.

Kommunane Ålesund, Molde og Kristiansund har alle fått gjennomført ei KPI-evaluering av U4SSC (FNs program for smarte og berekraftige byar) som viser status på berekraftsmåla i kommunane.

Målet med pilotprosjektet har vore å stimulere til enno raskare framdrift i arbeidet med å skape løysingar på dei utfordringane som blei peika på i evalueringane av dei tre kommunane.

Ein viktig del av pilotprosjektet – og det som kanskje representerer det unike ved akkurat dette pilotprosjektet - har vore å sette saman representantar frå bedrifter, folkevalde og tilsette i kommunane som på ulike måtar er opptatte av tematikken/utfordringane som skal løysast.

Pilotprosjektet er støtta av Sparebanken Møre. Initiativtakarar er OiER (Organisasjonen for internasjonale økonomiske relasjoner) og U4SSC. KPMG har leia prosjektet og styringsgruppa har i tillegg bestått av representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune, UN Global Compact Norge og United Future Lab Norway (Framtidslaben).

- Pilotprosjektet har hatt to formål: å finne løysingar på utfordringane og å sjå om dette er ein metode som er formålstenleg å arbeide etter. Eg meiner begge formåla er svart ut, seier prosjekteiar Kristian Thaysen.

Han får støtte frå Stine Lise Hattestad Bratsberg som er partnar i KPMG Pure Sustainability med ansvaret for berekraftsabeidet deira.

- Det har vore imponerande å sjå korleis arbeidsgruppene har lagt frå seg særinteressene sine. Det har vore ein suksessfaktor i pilotprosjektet – sette fellesskapet først.

Fem av prosjektideane som har kome ut av Jakta på berekraftsmetoden blei presenterte for dei tre kommunane og fylkeskommunen på eit møte 28. januar:

Avfall

ReSirkHub – ei kunnskaps- og informasjonsplattform for sirkulærøkonomi og resirkulering av råvarer. Plattforma skal vere både fysisk og digital og samle, skape og formidle kunnskap om resirkulering av materiale og korleis vi oppnår sirkulære prosessar. ReSirkHub skal vere ein databank med oversikt over resirkulerte material, eigenskapar, dokumentasjon, bruksområde osb. Arbeidsgruppa er i kontakt med fleire innan avfalls- og forskingsmiljøet som ønsker å arbeide med dette.

Get green – Grønn Effektivisering og Teknologi som Gjør Resirkulering og EnergiEffektivisering Naturlig for alle. Eit samarbeidsprosjekt mellom akademia i Møre og Romsdal, berekraftsekspertar og næringslivet der studentar med rettleiing frå tilsette, kan identifisere og skape lønnsame og reelt berekraftige produkt og tenester, gjerne basert på miljøproblem og tidlegare innovasjonsfeil.

Lønnsgap

Det er ei nasjonal utfordring at unge vel yrke enno meir tradisjonelt enn før.

Spillbasert yrkesveiledning - gjennom gamification skal ungdomsskoleelevar bli motiverte til å bruke meir tid på- og reflektere meir over, eiga utdanning og val av yrke. Arbeidsgruppa ser for seg å samarbeide med regionale og nasjonale utdanningsetatar, forskningsmiljø, målgruppa sjølv og næringslivet.

Innovativt krafttak for bærekraftig reiseliv i Møre og Romsdal – arbeidsgruppa foreslår å gjennomføre eit pilotprosjekt i Møre og Romsdal som ein del av Innovasjon Norge sin «Merkeordning for bærekraftig reisemål» der sertifiseringsordningane Miljøfyrtårn og Likestilt arbeidsliv blir kombinerte og inngår som ein del av prosjektet. Pilotprosjektet vil etablere ein metode og verktøy slik at reiselivet kan vekse på ein berekraftig måte og samtidig skape enno større positive ringverknader i regionen enn det den elles ville gjort. Neste steg er formell dialog med fylkeskommunen, Innovasjon Norge, aktuelle kommunar, destinasjonsselskapa og sjekke interessa hos andre reiselivsaktørar.

Vatn og avløp

Det var flest deltakarar som arbeidde med dette temaet. Fleire av forslaga var ganske like og blei difor slått saman. Løysingsforslaget som blei presentert tok utgangspunkt i at «vasstapet»  - særleg i Ålesund og Kristiansund er veldig høgt, 32 % i Ålesund og 39 % i Kristiansund, og at vasslekkasjar kostar regionen 20 millionar kroner årleg. Berre energikostnadane for å produsere dette vatnet er åtte millionar kroner årleg.

Løysingsforslaget hadde tre tema:

  1. Digital VA-tvilling som visuelt beslutningsgrunnlag
  2. Beslutningstøtte for berekraftige VA-løysingar
  3. Smart brukarmedverknad («Vatn må vere meir sexy»)

Løysinga tok utgangspunkt i eksisterande innovativ teknologi frå regionen. Ved å ta i bruk teknologien frå Offshore Simulator Centre, kan ein utarbeide ein digital tvilling av vatn- og avløpssystemet i ein kommune eller i ein region. Gjennom visualisering av nosituasjonen og simulering av framtidige scenario vil ein slik tvilling kunne bli eit svært nyttig verktøy for ei framtidsretta utvikling innan vatn og avløp og gi god samhandlings- og støtte ved avgjerder for innbyggarar, politikarar og kommunane.

Vegen vidare

Cecilie Myrstad er leiar for kommunikasjon og samfunnsansvar i Sparebanken Møre. Dei har støtta prosjektet med 1,7 millionar kroner.

- Vi i Sparebanken Møre er svært fornøgde med at det har kome konkrete prosjekt ut av pilotprosjektet. For oss er det viktig å bidra til ei smart og berekraftig utvikling og gjennom desse prosjekta vil regionen kunne gå nok eit steg i riktig retning.

Framtidslabens rolle er å legge til rette for prosjekta vidare med rigging av arbeidsgrupper og hjelp til finansiering.

- Vi ser verkeleg potensialet i desse ideane og ser fram til å arbeide vidare med dei. Det er viktig at dei ulike partane blir med vidare for å kunne bygge på suksessen, seier dagleg leiar i Framtidslaben Marielle Furnes Mannseth.

Om kort tid vil alle ideane som blei til gjennom pilotprosjektet Jakta på berekraftsmetoden bli tilgjengelege i ein rapport. Det gjeld fleire idear enn dei som blei presenterte på dette møtet. Alle interesserte kan ta kontakt med KPMG eller Framtidslaben, så vil det bli lagt til rette for samarbeid med dei aktuelle partnarane.