Marit Brunstad/Ålesund kommune
Formannskapet i Ålesund kommune møtest tysdag 9. juni i formannskapssalen på rådhuset. Møtet startar klokka 09.30. Etter møtet er det strategisamling i bystyresalen.
På saklista står mellom anna økonomirapportar, årsmelding og årsrekneskap for 2025, kommuneplanens samfunnsdel 2026–2036 og høyringssvar til forslag om forskrift om cruiseavgift.
Formannskapet skal også behandle saker om prisar i Ålesund kommune, eigenbetaling for praktisk bistand, hjorteviltforvaltning og nødmeldeavgift for Møre og Romsdal 110-sentral.
I ei tilleggsinnkalling er det sett opp ei sak om overdraging av aksjar i Blue Innovation Arena AS til ÅKP AS.
Sjå direkte på Kommune-TV
Du kan følge sendinga direkte på Kommune-TV frå klokka 09.30. Du kan velge fleire kameraer inne i Kommune-TV si sending.
Sakspapir er tilgjengeleg i Møteportalen.