Foreslå kandidatar til årets prisar

Kven fortener ei utmerking? No kan du foreslå kandidatar til Ålesund kommune sine heidersteikn og prisar. Fristen for å sende inn forslag er 1. oktober. 

Ordfører Håkon Lykkebø Strand med Hedersprisen fra Ålesund kommune.

Kvart år deler Ålesund kommune ut prisar til personar, lag, organisasjonar og verksemder som har gjort ein særleg innsats innan kultur, idrett, kunst, miljø, samfunnsengasjement og byggeskikk. Prisane blir delte ut på kommunestyret sitt siste møte i desember. I år skal det delast ut seks prisar. 

Seks prisar i 2026

Det er mogleg å nominere kandidatar til følgjande prisar:

  • Kultur- og idrettsprisen
  • Ungdommens kulturpris
  • Kunstnarprisen
  • Ålesund kommune sin heiderspris
  • Miljøprisen
  • Byggeskikkprisen  

 

Prisane skal løfte fram personar og miljø som gjennom innsats, engasjement og skaparkraft bidreg positivt til lokalsamfunnet og utviklinga av Ålesund kommune. 

Alle kan sende inn forslag

Forslag til kandidatar kan fremjast av privatpersonar, organisasjonar og institusjonar. Forslaget må vere skriftleg og innehalde opplysningar om kandidaten, saman med ei grunngjeving for kvifor vedkomande bør få prisen. 

For fleire av prisane gjeld det at kandidaten må vere busett i Ålesund kommune eller ha ei særleg tilknyting til kommunen.

Frist 1. oktober

Alle forslag må vere sende inn innan 1. oktober 2026. Etter fristen vil dei ulike utvala og råda behandle nominasjonane før vinnarane blir kåra og heidra under kommunestyret sitt desembermøte. 

Du kan lese meir om dei ulike prisane og nominere kandidatar her:
Heidersteikn og prisar frå Ålesund kommune