Forbetra resultat for Ålesund i 2025

Urevidert rekneskap for Ålesund kommune viser 61 millionar kroner betre resultat for 2025 enn for året før. Men ein må fortsett ha fart og fokus på omstillingsarbeidet. 

Netto driftsresultat for 2025 var på pluss 49,5 millionar kroner mot minus 11,3 millionar kroner året før. 
Dette er eit resultat både av effektivisering og forbetring i kommunen og av ytre forhold som rammetilskot og skatteinngang. 

Ordførar Håkon Lykkebø Strand seier ein no mellom anna ser effekten av det politiske grepet med å sette av midlar til å jobbe med å få ned sjukefråveret.

Kutt i sjukefråver

Kommunen sett under eitt har kutta sjukefråveret frå ti til ni prosent.

-    Det betyr mykje både i kroner og øre for kommunen, for den enkelte arbeidstakar og for effektivitet og kvalitet på tenestene.

portrettbilde av person med ordførarkjede - Klikk for stort bileteOrdførar Håkon Lykkebø Strand seier ein no mellom anna ser effekten av det politiske grepet med å sette av midlar til å jobbe med å få ned sjukefråveret.

Ordføraren seier lavare sjukefråver gir mindre kostnader til vikarar, høgare kvalitet fordi ein bruker eigen kompetanse og slepp tid til opplæring av vikarar og at stabilitet i teama gir mindre stress og styrka arbeidsmiljø.

-    Og ikkje minst viktig, kjente fjes på jobb skaper tryggheit for dei som mottek tenestene.

I 2025 har kommunen køyrt opplegget med firmaet People@work der det systematisk blir arbeidd med leiing, HMS, nærver/fråver og liknande. Dette har vore brukt på fleire område og ein ser at det har gitt større nedgang i sjukefråveret enn der det ikkje har vore brukt. No skal opplegget også takast i bruk i andre delar av kommunen i løpet av 2026.

Godt jobba i helse

På inntektssida har rammetilskotet auka med 171 millionar kroner og skatteinntektene gått opp frå 2 244 millionar kroner til 2 482 millionar kroner.

Når det gjeld utgiftene, så er driftskostnadene som budsjettert; på vel 4,8 milliardar kroner. Auken frå året før er om lag som auken i løns- og prisvekst.

Kommunedirektør Steven Hasseldal seier dette fortel at det blir jobba godt i mange avdelingar i Ålesund kommune. Men, bak tala om driftskostnader finn ein også store forskjellar mellom ulike verksemder og avdelingar og arbeidet med omstilling må halde fram.

Hasseldal trekker fram innsatsen i helse der ein trass i stadig fleire eldre har greidd å halde seg innanfor rammene og ikkje auka kostnadene med meir enn pris- og lønsauken. Oppvekst har derimot utfordringar og brukt meir pengar enn planlagt på område som barnevern og skule. 

Tyngande renteutgifter

Renteutgiftene har også auka meir enn budsjettert og har gått opp frå 351 millionar kroner i 2024 til 414 millionar kroner i fjor.

-    Når gjelda nærmar seg ti milliardar kroner, så seier det seg sjølv at rentenivået betyr mykje. For eit år sidan var både kommunar og privatpersonar optimistiske og venta rentekutt frå Norges Bank, men kutta kom seinare og i mindre grad enn forventa.

Netto driftsresultat vert sett til bunde driftsfond og heng i stor grad saman med planlagde, men enno ikkje igangsette investeringar.