Miljøfyrtårn er eit verktøy slik at kommunen driv berekraftig internt og set minst mogleg klimafotavtrykk. Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifisering for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar.
Miljøfyrtårnarbeidet inneber at kommunen arbeider målretta med å forbetre arbeidsmiljø, ytre miljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport i det daglege, seier prosjektleiar Liv Kjersti Finholt som er ansvarleg for miljøfyrtårnarbeidet og fagleiar for berekraftig samfunnsutvikling i staben for strategi, samfunns- og næringsutvikling.
Det handlar rett og slett om å feie for eiga dør, vi må sikre at heile kommunen jobbar systematisk med å redusere miljø- og klimafotavtrykket vårt. Vi kan ikkje berre snakke om miljø og berekraft, vi må handle også, fortset ho.
Kommunen har gjennom kommuneplanen forplikta seg til å legge berekraftsmåla til grunn for alt den gjer. Dette er også eit krav frå sentrale myndigheiter og eit ledd i arbeidet med å nå FNs berekraftsmål innan 2030.
Dette arbeider kommunen med
Arbeidsmiljø – arbeidet med helse, miljø og tryggleik skal følge lovgivinga og vere systematisk, kontinuerleg og føre til forbetringar og læring. Miljøfyrtårn har ei sjekkliste som inneheld moment som gjeld den fysiske arbeidsplassen, psykososialt arbeidsmiljø og involvering av tilsette - og krav i sjekklista skal dokumenterast. Arbeidsmiljøarbeidet bidrar til ei berekraftig utvikling også når det gjeld eit inkluderande arbeidsliv og moglegheit for å vidareutvikle seg i jobben.
Avfallshandtering – alle sertifiserte einingar og verksemder må ha eit godt system for resirkulering, avfallssortering og jamleg vege avfallet for å sjå kor mykje vi kastar og korleis utviklinga er. I tillegg har Miljøfyrtårn ein idébank for mogelege tiltak som einingane skal gjennomgå for å bli meir bevisste på forbetringar knytt til avfallshandteringa.
Innkjøp – Det offentlege kjøper inn varer og tenester for rundt 600 milliardar kroner årleg. Målet er at innkjøpa som kommunen gjer, skal vere grøne. Det betyr at kommunen må stille miljøkrav til innkjøpa og sjå på kriterier som behov for kjøpet og avfall og klimautslepp ved innkjøpet. Her er Miljøfyrtårn-sertifikatet eit enkelt og effektivt verktøy som er godkjent som miljødokumentasjon i anbodskonkurransar. Ålesund kommune har i fleire år stilt miljøkrav ved innkjøp.
Energibruk – her er energileiing eit sentralt tema. Kommunen skal dokumentere gode rutinar for å avdekke energisluk og jobbe systematisk for å redusere energibruken. Her er også ein idébank for gode tiltak.
Transport – Kommunen skal legge til rette for at det er lett for tilsette og innbyggarar å velje det mest miljøvenlege alternativet når vi skal forflytte oss privat og i arbeid.
Resultat
Gjennom årleg rapportering, vil kommunen få tilgang til klima- og miljørapportar for alle sertifiserte verksemder og statistikk for heile organisasjonen.
Den årlege rapporteringa gjer at kommunen arbeider systematisk og får kontinuitet i klima- og miljørapporteringa, seier Finholt
Arbeidet gjer også at toppleiinga får eit godt overblikk over kommunens miljøfotavtrykk og utviklinga der slik at det blir lettare å prioritere arbeidet vidare.
Dette er gjort
Dei verksemdene som er blitt sertifiserte, har begynt arbeidet med å kartlegge korleis dei ligg an innan kriteria for Miljøfyrtårn.
Ålesund rådhus set i gang ei etterlengta ordning med avfallssortering.
Sorteringsguide for avfall
Når det gjeld transport, er bildelingsordninga i gang, og internt er også eit prosjekt som omhandlar mobilitet i tenestene i ferd med å bli rulla ut.
Innkjøp har laga ein grøn innkjøpsstrategi og allereie no er 62 % av leverandørane kommunen bruker, miljøsertifiserte.
HMS-arbeidet får god framdrift som følge av at kriteria knytt til internkontrollforskrifta og arbeidsmiljølova må oppfyllast før miljøsertifisering.
Fagerlia barnehage har ein klar miljøprofil. Dei har dokumentert det dei allereie gjer, slik som kjeldesortering, HMS-arbeid, energibruk og pedagogisk arbeid i barnehagen. No har dei kartlagt kor mykje avfall dei leverer og laga handlingsplan med nye mål for å følge opp arbeidet.
Barnehagen bruker naturmateriale når dei lagar ting med barna, har stor fokus på gjenbruk og miljø i kvardagen og fekk også arbeidsmiljøprisen i fylket i fjor. (saken fortset etter biletet)
Dei eldste barna på Fagerlia barnehage går i avdling Solstua
Framtidslaben jobbar saman med partnarar frå offentleg sektor, næringslivet og akademia for å nå FNs berekraftsmål. Miljøfokus er derfor ein sentral del av arbeidet. Gjennom Miljøfyrtårnsertifiseringa har Framtidslaben blant anna fått på plass meir tilgjengeleg avfallssortering og tatt bort andre frittståande søppelbøtter. Vidare er dei fleste av møblane i laben kjøpt brukte. Dei har også kontinuerleg fokus på korleis dei kan bygge eit godt arbeidsmiljø for dei som er innom laben, både for kollega og partnarar. (saken fortset etter biletet)
Framtidslaben har kjeldesortering
Framtidslaben
Berekraftsmåla
Gjennom Miljøfyrtårnarbeidet bidrar kommunen til å nå fleire berekraftsmål, i hovudsak desse – sjølv om også fleire mål er inkludert i arbeidet.
Desse berekraftsmåla konsentrerer Miljøfyrtårn seg om