Fjernar farleg gangbru ved Brusdalsvatnet

For å sikre folk og drikkevatn vert den improviserte gangbrua ved utløpet av Brusdalsvatnet fjerna og det vert ikkje lenger mogleg å krysse elva ved utløpet av vatnet. 

lita elv med klopp over - Klikk for stort bilete

Ved slusene øverst i Spjelkavikelva har det vorte lagt ut fjøler og laga ei gangbru over elva. Dette er ikkje gjort av kommunen, men av nokon som har tatt seg til rette på kommunen sin eigedom.
Den improviserte gangbrua er smal, utan rekkverk og kan vere farleg. I vår var det ein eldre person som fall i elva samtidig som det var høg vannstand. Dette kunne enda gale.

Det er Ålesund kommune som eig og dermed har ansvar for området og anlegget ved utløpet av Brusdalsvatnet. Dette anlegget har vassdragstekniske formål, det vil seie at det er bygd for å regulere vassføring og sikre drikkevassforsyninga.

Trygt for folk og drikkevatn

Både for å gjere det trygt folk som ferdast i området og sikre drikkevasskjelda mot unødvendig aktivitet og trafikk, vert gangbruene øvst i elva no fjerna og området ved utløpet frå Brusdalsvatnet avstengt med gjerde slik at det ikkje er mogleg å krysse elva eller ferdast der.

Samtidig skal det settast opp skilt som viser folk vidare til den tilrettelagte gangstien i det ettertrakta turområdet og til brua som kryssar elva ved Tufteparken. Der er det enkelt og trygt å krysse elva for å kome seg mellom Holsmyrvegen og Vasstrandvegen.

kart over området ved utløpet av Brusdalsvatnet som peiker på trygg kryssing av elva - Klikk for stort bilete