Fest for ferdig utsprenging av berghallar og tunnelar

Mandag var det gjennomslagsfest og markering av at det meste av sprengingsarbeidet for berghallane og tunellane på Kongshaugen reinseanlegg er ferdig.

Gruppe med personar i arbeidskle inne i berghall - Klikk for stort bileteFolk frå entreprenørar, Sula kommune og Ålesund kommune feira gjennomslag og at ein er ferdig med det store sprengingsarbeidet av tunellar og berghallar.

Varaordførar i Ålesund kommune, Jessica Gärtner fyrte av siste salve for arbeidet. 

Det er sikkert ikkje så stort for dei som driv med dette, men å trykke på knappen og fyre av 350 kilo dynamitt, var stort for meg, smilte ho.

Person i refleksvest trykker på knappar og fyrer av salve - Klikk for stort bilete

Med den salven er ein i mål med utskyting av tunnelar- og berghallar, sjølv om det framover kan bli noko mindre sprengingsarbeid i samband med siste opprydding og finpuss. 

Det er gamal skikk og bruk at entreprenør inviterer til ein skål for å feire gjennomslaget – og tradisjonen med at «røysa» fekk ein skvett, for å blidgjere dei som bur inne i fjellet, vart også halde i hevd. 

Godt, trygt og raskt arbeid

Etter siste salve og «fjell-skål» var det takk og talar i verkstadhallen til entreprenør B&G Tunnel. Prosjektleiar for BLÅ fjordar, Terje Endresen, takka for godt samarbeid og godt, trygt og raskt utført arbeid, der entreprenør er ferdig med arbeidet nesten to veker før avtalt. 

Framover blir det meir massetransport og klargjering av tunellar og berghallar før arbeidet med å støype basseng og få på plass prosessutstyr startar over nyttår. 

Nyvald varaordførar i Ålesund, Jessica Gärtner, hadde på ordførarkjedet for første gong då denne viktige milepælen skulle feirast. Ho helsa på vegner av både Ålesund og Sula og sa ho var imponert over prosjekt og prosjektleiing, framdrift og økonomisk kontroll. 

fleire personar i arbeidskle på veg inn i tunnel - Klikk for stort bilete
fleire personar i arbeidskle i berghall - Klikk for stort bilete
personar i berghall - Klikk for stort bilete
Personar i arbeidskle går ut av tunnel - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Marsipankake - Klikk for stort bilete
person som skjær stykke av kake og blir fotografert - Klikk for stort bilete

 

Meir informasjon om berghallar og tunellar finn du her.