Feriefondet blir avvikla

Ålesund kommune avviklar feriefondet for funksjonshemma og miljøtrua barn og unge, og fører midlane vidare til nytt formål.

Ålesund kommunestyre vedtok 26. mars 2026 å avvikle Ålesund kommunes fond for ferie- og fritidsaktivitetar for funksjonshemma og miljøtrua barn og ungdom (feriefondet).

Fondet vil bli oppheva i løpet av 2026, med endeleg dato når opphevingsvedtaket er godkjent av Lotteri- og stiftelsestilsynet. Når godkjenninga ligg føre, blir fondet oppheva og sletta frå offentlege register.

Midlane blir vidareført til målgruppa

Fondets samla midlar vil bli overført til verksemd Bo- og avlastning, avdeling Flisnes barnebolig – Brisingstubben. Midlane skal ikkje nyttast til ordinær drift, men til aktivitetar i tråd med fondet sine vedtekter, slik at dei kjem målgruppa til gode.

Bakgrunnen for vedtaket er at fondet ikkje er berekraftig over tid. Fondets einaste inntekter har vore renteinntekter, og utviklinga i rentenivået har ført til lange periodar mellom utdeling av midlar. Kommunen har derfor valt å avvikle fondet og overføre restmidlane til eit formål som ivaretek same målgruppe.

Det vil ikkje vere mogleg å søke midlar frå feriefondet frå og med 2026. Aktuelle søkarar blir oppmoda til å vurdere alternative kommunale tilbod. Sjå fereitilbodet draumesommar.