Sissel Lillebø Aarseth, rådgivar for kultur i Verksemd for kultur og fritid i Ålesund kommune.
Ålesund kommune
Ålesund er éi av 21 kommunar i Møre og Romsdal og Trøndelag som er valde ut til å delta i satsinga Kunstlandskap MIDT. Prosjektet skal utviklast fram mot 2030 og munne ut i eit permanent kunstverk i kommunen.
Gjennom prosjektet skal samtidskunst brukast som utgangspunkt for å skape engasjement og samtalar i lokalsamfunnet om fellesskap, identitet, verdiar, arv og fornying. Innbyggjarane i Ålesund får høve til å medverke både i diskusjonar om plasseringa av kunstverket og kva tema og verdiar kunstprosjektet skal løfte fram.
Unik moglegheit
– Dette er ei svært gledeleg tildeling for Ålesund kommune. Prosjektet gir oss ei unik moglegheit til å involvere innbyggjarane i eit langsiktig kunst- og samfunnsprosjekt fram mot 2030, seier Sissel Lillebø Aarseth, rådgivar for kultur i Verksemd for kultur og fritid i Ålesund kommune.
Prosjektet startar no opp, og kommunen vil leggje til rette for brei involvering frå ulike delar av lokalsamfunnet, mellom anna barn og unge, politikarar og andre innbyggjarar.
Prosjektstilling
Som ein del av oppstarten skal det engasjerast ein kunstkonsulent som får ansvar for å følgje prosjektet og bidra til at kunstverket blir utvikla i tråd med målsetjingane og ferdigstilt innan jubileumsåret. Ålesund kommune har lyst ut oppdraget som kunstkonsulent.
Meir informasjon om utlysinga finn du her: Utlysing av oppdraget som kunstkonsulent