Sammen samla Ålesund inn over 2,3 millioner kroner til NRC Flyktninghjelpen.
Mohammed Abdulmajid, NRC Flyktningehjelpen
– Vi vil rette ein stor takk til alle som bidrog til årets aksjon – frivillige, områdeleiarar, bøsseberarar og de som opna døra og gav eit bidrag. Saman er de med på å gi menneske på flukt eit tryggare heim og håp for framtida, seier fylkesleiar for Møre og Romsdal, Sofia Græsdal.
På landsbasis samla bøsseberarane inn 67 267 580 kroner, medan det i Ålesund kommune vart samla inn heile 2 302 740 kroner. Kvar einaste krone gjer ein forskjell og bidreg til viktig hjelp for menneske som er råka av krig, konflikt og flukt.
– Det sterke engasjementet frå innbyggjarar, næringsliv og frivillige viser kor mykje vi kan få til når vi står saman om ei viktig sak. Tusen takk for alle bidrag!, avsluttar fylkesleiaren.
Det er framleis mogleg å gi
Ønsker du å støtte TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen, kan du framleis bidra ved å vippse eit valfritt beløp til 2133.