Rotanakken
Tore Hals
Sidan innsamlinga av stadnamn, gjennomført av Johan Krogsæter på 1980-talet har Rotanakken vore brukt. Likevel er det skrivemåten Rotenakken som har vore godkjent som skrivemåte i Sentralt stedsnavnregister (SSR) frå kartlegginga av friluftslivets ferdselsår 2024/25. Tore Hals, leiar for Indre Borgund kommunedelutval, var ein av dei som ikkje var fornøgd med dette. Han la saka fram for administrasjonen i håp om endring.
Arkivfoto: Tore Hals, leiar for Indre Borgund kommundelsutval
Ålesund kommune
-Det som skjedde var at eg observerte at offentlege, kommunale dokument brukte ein annan skrivemåte enn den lokale uttalen og det som er skrive på skilt ved stien opp til nakken. Då var det naturleg å undersøkte årsaka til denne forskjellen, seier han.
Han la fram god dokumentasjon for at Rotanakken alltid har stått på offentlege kart og at det er nedarva frå lokal utale. Etter innspelet hans, handla den kommunale administrasjonen og kartverket raskt.
Godt samarbeid og rask sakshandsaming
Knut Helge Skare, avdelingsleiar for Geodata i Ålesund kommune, tok vidare innspelet til kommunedelutvalet og leita i gamle arkiv, kart og bygdebøker for å finne fram informasjon. Han gjorde det for å unngå å skape ein tid- og ressurskrevjande sak for endringa.
-Ei slik sak kan ta opp til eit år med administrativt arbeid. Lokalhistorisk dokumentasjon både på skrivemåte og munnleg uttale var helt avgjerande for at Kartverket raskt kunne fatte vedtak, seier Skare.
Endringa kom på plass i løpet av kort tid. Rotanakken er no godkjent og prioritert form i SSR.
-Det vil seie at ein kan bruke både Rotanakken og Rotenakken. Eg er takksam for endringa og at det administrative arbeidet vart effektivt handtert av Ålesund kommune og Kartverket, seier Hals.
Han avsluttar med at det er viktig at folk engasjerer seg og tar vare på lokalarven.