Snorklipping ved basestasjonen på Ona. Fra venstre: Pål Henrik Lukashaugen (Telenor), Knut Bjørnar Sørmoen (leder Ona- og Husøy velforening), Ordfører Håkon Lykkebø Strand, Varaordfører Jessica Gärtner
Jon Åge Giske/ Ålesund kommune
Fastbuande, fritidsinnbyggarar og representantar frå kommunen og Telenor samla seg til snorklipping ved den nye basestasjonen oppe på Heia. Markeringa sette samstundes punktum for eit større breibandsprosjekt i nye Ålesund kommune, der fiber er bygd ut til område som tidlegare har hatt svak eller manglande dekning.
Ordførar Håkon Lykkebø Strand understreka under markeringa at satsinga handlar om trygg og lik tilgang til kommunikasjon og kommunale tenester i heile kommunen, også ytst i havgapet. Digital infrastruktur er i dag like grunnleggjande som veg, straum og vatn.
For Ona har prosjektet vore særleg viktig. Då dei analoge telefonsentralane vart lagde ned i 2018 og 2019, miste øya fasttelefonen. Samstundes var mobildekninga fleire stader svært svak på grunn av terrenget, og enkelte stader forsvann både fasttelefon og mobildekning heilt.
Då situasjonen vart meldt inn til nye Ålesund kommune, vart det sett i gang arbeid med å finne ei løysing. Dette skjedde som del av eit større digitalt løft i samband med kommunesamanslåinga, der kommunen mellom anna bygde ut fiber til kommunale bygg og tenester med øremerka statlege midlar knytt til større infrastrukturprosjekt, mellom anna i tilknyting til Nordøyveg-prosjektet frå Ålesund og nordover.
Parallelt vart det lagt til rette for subsidiert fiberutbygging til private hus og næringsliv, gjennom samarbeid mellom Telenor, Nordvestnett og Tafjord Connect, finansiert med kommunale, fylkeskommunale og statlege breibandsmidlar.
På Ona gav fiber husstandane stabil nettilgang og telefoni over wifi, men mange mangla framleis mobildekning utandørs og i sjøområda rundt øya. Kommunen og Telenor fann derfor ei løysing som også inkluderte etablering av ny 5G-basestasjon på øya.
Are Staurset har vore kommunen sin prosjektleiar for fiberutbygging i nye Ålesund kommune, inkludert dagens Haram kommune, som strakk seg frå Ona i nord til Vaksvika i sør.
– Det er ikkje uvanleg at øyar i havgapet mistar grunnlaget for busetnad fordi vatn, telekom, straum eller transporttilbod ikkje kan oppretthaldast. Slike vurderingar kan ende med avvikling. Det gleder meg at kommunen faktisk reinvesterer i infrastrukturen slik at folk kan bu her.
Den nye dekninga styrker både kvardagen og tryggleiken for fastbuande, tilreisande og brukarar av sjøområda rundt Ona. Samstundes får innbyggarane tilgang til digitale tenester på lik line med resten av kommunen, inkludert velferdsteknologi, beredskapssystem og andre digitale løysingar.
Leiar i Ona- og Husøy velforeining, Knut Bjørnar Sørmoen, viste under markeringa til at Ona er eit attraktivt reisemål for både besøkjande, fritidsinnbyggjarar og næringsliv. Han peika på at stabil digital infrastruktur har stor betydning både for busetnad, reiseliv og moglegheita til å arbeide frå øya, som no har hatt sterk vekst i talet på fastbuande dei siste åra.
Etter markeringa besøkte deltakarane Ona Havstuer, der betydninga av moderne digital infrastruktur for reiseliv, næringsliv og lokalsamfunn også vart trekt fram av hotellsjef Frode Rørvik.
Med fiber og 5G på plass er Ona betre rusta for både busetnad, næringsutvikling, reiseliv og framtidige digitale tenester. For kommunen markerer prosjektet også slutten på ei omfattande breibandsutbygging som har gitt store delar av den nye kommunen tilgang til moderne digital infrastruktur.