Eitt år sidan Ålesund kommune tok i bruk Helseplattformen. No tek også sjukehusa i Møre og Romsdal i bruk appen.
Ålesund kommune
Du vil no finne timeavtalane dine som gjeld etter 27. april i appen HelsaMi. Helse Møre og Romsdal oppmodar om å last ned appen og oppdater kontaktinformasjon og opplysningar om pårørande.
Det er heilt frivillig å bruke HelsaMi. Det er eit tilbod til deg som ønskjer ein digital veg inn til helse- og omsorgstenester. Last ned appen frå App Store eller Google Play.
Slik logger du deg inn og bruker HelsaMi
Last ned app'en på mobiltelefon eller nettbrett
Du loggar på med sikker innlogging med ID-porten (til dømes Bank-ID).
Eller du kan logge inn på nettsida HelsaMi og loggar på med sikker innlogging med ID-porten (til dømes Bank-ID)
Slik har du kontroll på din informasjon
I HelsaMi finn du opplysningane som sjukehus, kommunen legg inn i Helseplattformen.
Du kan også få tilgang på vegne av andre som ønsker at du skal ha oversikt og høve til å kommunisere for deg. Det kan til dømes vere barna dine, eldre forelder eller andre du er pårørande til. Då kan dei mellom anna hjelpe deg med bestilling av timar og halde oversikt.
Les meir om HelsaMi på nettsidene til Helseplattformen.
Kva med Helsenorge?
Du vil framleis ha tilgang til helsenorge.no. Vi oppmodar innbyggjarane også om å sjekke om informasjon i Helsenorge er korrekte.
Kva med dei som ikkje bruker digitale tenester?
Du kan framleis endre og bestille timar på telefon som før.