Dette vedtok kommunestyret 26. mars 2026

Kommunestyret behandla fleire saker i møtet torsdag 26. mars. Her får du ei oversikt over dei viktigaste vedtaka.

Illustrasjon formannskapet - Klikk for stort bilete Kristin Graskopf Ose

Fritak frå eigedomsskatt for studentbustader

Formannskapet tilrådde overfor kommunestyret å gi Studentsamskipnaden i Ålesund (Sit) fritak frå eigedomsskatt etter § 7a i eigedomsskattelova for skatteåret 2026. Fritaket gjeld Sit sine studentbustadar i Ålesund, og vart enstemmig vedtatt. 

Midlertidig utvida skjenketid under fotball-VM 2026 

For å legge til rette for arrangement og publikumsfasilitetar i samband med fotball-VM 2026, vedtok kommunestyret å støtte kommunedirektøren si innstilling om midlertidig endring i skjenketidene. 

Den midlertidige ordninga gjeld 11. juni–19. juli 2026, og inneber følgjande:

  • Utvida skjenketid for alkoholhaldig drikk fram til kl. 06.00, med tilsvarande opningstid.
  • Ordninga omfattar berre drikke i gruppe 1 og 2 (2,5–22 volumprosent alkohol).
  • Utvida tid gjeld berre for skjenkestader som viser direktesending av VM-kampar innandørs, og som har serveringsbevilling, tilstrekkeleg bemanning og godkjent vakthald.
  • Utvida skjenking gjeld ikkje uteareal med mindre særlege forhold ligg til rette.
  • Skjenkestadar må søke om utvida skjenketid – ordninga er ikkje generell. Kommunedirektøren får mynde til å avgjere søknadane.

Innbyggarforslag om trygg trafikkløysing på Stette 

Eit innbyggarforslag om tryggare trafikkforhold i Stette-området vart behandla av kommunestyret, som sluttar seg til kommunedirektøren si vurdering.

Sjølv om innbyggarforslaget berre delvis oppfyller lovkrava i kommunelova § 12 1 – sidan det i hovudsak gjeld fylkesveg og dermed ligg under fylkeskommunen – vert det likevel teke opp til behandling. Formannskapet tilrår at kommunestyret gjer følgjande vedtak:

  • Kommunedirektøren skal følgje opp punkt 6.1 i innbyggarforslaget om trygg skuleveg i samband med arbeidet med kommunens trafikktryggingsplan. Planen er venta handsama i kommunestyret i løpet av 2026.
  • Initiativtakarane vert oppmoda om å sende innbyggarforslaget vidare til fylkeskommunen for handsaming, sidan hovuddelen av tiltaka gjeld fylkesveg 661 og 526.
  • Ålesund kommune vil så langt som mogleg støtte opp om arbeidet for å etablere ei trygg og god trafikkløysing for alle som bur i Stette-området.

Sjå alle vedtak, eller sjå opptak frå møtet.