Dette vedtok kommunestyret 11. desember

Ålesund kommunestyre handsama ei rekke viktige saker på møtet. Les kva som var hovudpunkta og kva som vart vedteke.

John Arne og Arne Lerstad med ordførar Håkon Lykkebø Strand - Klikk for stort bileteHedersprisvinnerne John Arne og Arne Lerstad med ordfører Håkon Lykkebø Strand

Heidersprisen blei delt ut til John Arne og Arne Lerstad. 

–  Dei har gjennom mange tiår vist eit heilt ekstraordinært engasjement for frivilligheit, inkludering og fellesskap, og dei har skapt varige verdiar for lokalmiljøet på Lerstad og for Ålesund som heilskap. Difor er dei absolutt verdige prisvinnarar, fortel ordførar Håkon Lykkebø Strand. 

Mottak av flyktningar i 2026

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har bedt Ålesund kommune om å ta imot 140 flyktningar neste år. Kommunestyret vedtok å ta imot 100 flyktningar, der fem av plassane blir for einslege mindreårige mellom 15 og 18 år. Vedtaket bygger på tilrådinga frå formannskapet.

Forsterka bustader på Kverve/Ellingsøy

Kommunestyret har vedtatt byggeprogrammet for etablering av Forsterka bustader på Kverve/Ellingsøy. Prosjektet omfattar åtte bemanna bueiningar for personar med store og samansette omsorgsbehov. Målet er å samle dagens spreidde tilbod i eit moderne bygg med betre standard og gode arbeidsforhold for tilsette.

Andre saker som vart behandla

  • Tilstandsrapport for Ålesund barnevern 2024
  • Forvaltningsrevisjon 2025 – Personalressursforvaltning og arbeidsmiljø
  • Driftstilskot veterinærvakt – Ørskog veterinærvaktområde
  • Gang- og sykkelveg Humla/Tørla – ny gangbru over Tjørsundet
  • Haukåsen næringspark – detaljregulering for hydrogenanlegg
  • Spjelkavik Idrettslag – betalingsparkering og festeavtale
  • Ratvika – Prinsen Boligfelt – utbyggingsavtale
  • Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse 2025 og overordna beredskapsplan
  • Interpellasjon om Hatlane omsorgssenter

Les alle vedtak eller sjå opptak frå møtet.