Det du ikkje ser

Møter du i ditt arbeid personar som er utsette for vald i nære relasjonar? Bli med på fagdag 3. desember! 

Illustrasjon av ein som gret og ei hånd som strekk seg mot han. - Klikk for stort bileteIllustrasjon. Liza Hasan

Fagdagen er eit samarbeid mellom Krisesenter for Sunnmøre, Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS), politiet og statsforvalteren i Møre og Romsdal. 

Fagdagen er relevant både for dei som har direkte kontakt med brukarar, og for dei som arbeider på systemnivå, med planlegging eller utvikling av tenester. Målet er å styrke handlingskompetansen i møte med vald i nære relasjonar.

  • Dato: 3. desember 2025
  • Tid: Kl. 09.00 - 14.30
  • Pris: Gratis
  • Sted: Bystyresalen, lavblokka Rådhuset i Ålesund. Inngang ved biblioteket.

Program

09:00 – Dørene opnar
09:30 – Velkomen v/Cecilie Teunissen, leiar for Krisesenter for Sunnmøre
09:45 – Presentasjon av handlingsplan - Ein felles handlingsplan for alle 14 Sunnmørskommunene. Ein fagplan som skal gjelde fra 2026-2030 – v/arbeidsgruppa
10:00 –Dei mange ansikta til valden– Evelyn Røren, politistasjonssjef i Herøy, Sande og Vanylven med lang erfaring innan etterforsking og førebygging av vald i nære relasjonar, og dessutan arbeid med vern av trusselutsette personar.
10:30 – Pause
10:45 - Kva må til for at me skal sjå overgrep og krenkingar der dette skjer? Om motstand og motivasjon. Ved psykolog phd Oddfrid Skorpe
11:30 – Lunsj – Enkel servering
12:15 – «Men eg trudde du visste..» v/Camilla Brusdal 13:15– Pause
13:30 – Kven kjem til oss – og kva møter dei? Krisesenteret si rolle i møte med vold i nære relasjonar v/avdelingsleiar Cecilie Rønstad Teunissen og fagkoordinator Lisa Minna Valderhaug ved Krisesenter for Sunnmøre.
14:00 – Avvergeplikt i møte med partnervald v/Silje Louise Dahl 
14:30 – Vel heim

Konferansier er Carolin Urke.

Om innleggene

  • Dei mange ansikta til valden
    Evelyn Røren har ein mastergrad i politivitenskap og lang erfaring fra politiet sitt arbeid med vald i nære relasjonar.  Ho har tidligare jobbat som familievaldskoordinator, og har bred operativ erfaring som patruljerande politi, etterforskar og forebyggar. I dag er ho politistasjonssjef i Herøy, Sande og Vanylven.
     
  • Kva må til for at me skal sjå overgrep og krenkingar der dette skjer? 
    Om motstand og motivasjon. Ved psykolog phd Oddfrid Skorpe ved Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging i Midt-Norge.
     
  • «Men eg trudde du visste..»
    Eit foredrag som kombinerer innsikt som traumeoverlevar med fagkunnskap som spesialpedagog. Mest fokus på brukarperspektivet sjølvsagt. Korleis det er å være eit barn som blir utsatt for vald i nære relasjonar.

    Camilla Brusdal er traumeoverlever, forfatter av boka «I lyset der står jeg» og foredragsholdar. Ho er gründer av STÅ STØDIG og medlemsportalen STÅ STØDIG I LIVET. Camilla er utdanna førskulelærar med vidareutdanning som leiar og ho har ein Master i Spesialpedagogikk. I tillegg har ho ein serifisering som traumecoach. Camilla kombinerer eigne erfaringar med fagkunnskapen sin som spesialpedagog. Camilla vil frå ståstaden sin vera brukarstemma som fortel oss korleis det var å vera eit barn som vart utsett for vald i nære relasjonar.
     
  • Kven kjem til oss – og kva møter dei?
    Rolla til krisesenteret i møte med vald i nære relasjonar v/ Cecilie Rønstad Teunissen og Lisa Minna Valderhaug, høvesvis avdelingsleiar og fagkoordinator ved Krisesenter for Sunnmøre. Med lang erfaring frå arbeid med valdsutsette og sosionomutdanning i botn, delar dei innsikt i kven som oppsøkjer krisesenteret, kva behov brukarane har, og korleis tilbodet er organisert for å møta desse behova. Innlegget gir eit konkret innblikk i arbeidet til krisesenteret og betydninga av eit lågterskeltilbod for menneske i akutt krise.
     
  • Avvergeplikt i møte med partnervald 
    Silje Louise Dahl er sosiolog og professor ved Høgskulen i Volda. Ho forskar mellom anna på avvergeplikta ved partnervald, og ho vil presentere ny forsking frå prosjektet MANREPORT-IPV.
     

Påmelding

Meld deg på fagdagen “Det du ikkje ser”