Desse fekk kulturtilskot

I år var den totale potten på 1 118 130 kr, og tilskota varierte frå 4050 kr til 100 000 kr. Sjå kven som fekk kulturtilskot i år.
 

Jente hopper i havet - Klikk for stort bilete

I møte 2. juni vedtok hovedutvalg for kultur og oppvekst fordeling av kulturtilskot for 2025 til frivillige lag og organisasjonar.

Ordninga opnar for søknader innan tre kategoriar:

  • Rekruttering og aktivitet
  • Lokale kulturbygg og kulturarenaer
  • Stipend

Av 66 innkomne søknader var det 24 søknader i kategorien lokale kulturbygg og kulturarenaer, 41 i kategori rekruttering og aktivitet og 1 søknad i kategori stipend. 48 av desse vart tilgodesett med tilskot.

Sjå oversikt over kven som fekk kulturtilskot.