Dammen ved Røssevoldvatnet stengt i to veker

Vi skal teste sikkerheita til dammen på Røssevoldvatnet i to veker. I den perioden må vi stenge for ferdsel over dammen. 

kart over røssevoldvatnet med avmerka kvar dammen blir stengt - Klikk for stort bilete

Ålesund kommune skal teste sikkerheita til dammen ved Røssevoldvatnet på Emblemsfjellet og har inngått avtale med CCL Norway AS om å gjere jobben.

Arbeidet startar komande veke og vil vare i to veker; veke 38 og 39 ( 15.-26. september) 

I denne perioden er dammen eit anleggsområde som vert avstengt og folk kan ikkje gå over.

I tillegg til stenging av dammen blir området rett vest for dammen brukt som riggplass medan arbeidet pågår.  

Har du spørsmål kan du ringe Vatn og avløp på tlf 91 67 01 70 på dagtid eller 95 16 20 00 etter arbeidstid. Har du behov for kontakt med entreprenør, er telefonnummeret 91 73 42 64.