Byggesøknader skal leverast digitalt

Frå og med 1. september 2025 må alle byggesøknader frå profesjonelle aktørarar leverast digitalt

En husmodell på et bord og en mann med datamaskin i bakgrunnen.  - Klikk for stort bilete Shutterstock

Viktig melding til deg som ansvarleg søkar i byggesaker 

Frå og med måndag 1. september 2025 vil det ikkje lenger vere mogleg å bruke e-post til å søke om tiltak med krav om ansvarlege føretak. 

Frå den datoen må du som profesjonell aktør nytte godkjende digitale e-byggesaksløysingar. Dette gjeld alle søknader etter plan- og bygningslova sin § 20-3 som krev ansvarlege foretak.

Frå 1. september 2025 er det digitale løsninger for plansaker og byggesøknader (Direktoratet for byggkvalitet) som skal brukast.

Det er effektivt for alle partar å bli digitale

Ålesund kommune ønsker å handsame saker for innbyggarar og næringsaktørar så effektivt som mogleg. Digitalisering og ny teknologi vil hjelpe oss med å få til det. For når byggesaksprosessen blir digital, kan data frå dei digitale søknadane bli direkte overført til byggesaksarkiv, kartløysingar, matrikkeldata og eigedomsregister i kommunen.

Å ta imot søknadar på e-post medfører mykje manuelt, tidkrevande arbeid. Det er ingen tent med, verken avsendaren eller mottakaren. E-byggesaksløysinga vil bidra til at Ålesund kommune kan behandle byggesøknadar raskare og meir effektivt.

Merk deg enkelte unntak

Vi oppfordra til at privatpersonar også nyttar e-byggesaksløysinga for byggesøknadar og informer samtidig om at byggesaksgebyret blir lågare ved å benytte seg av e-byggesaksløysinga.

Kravet om bruk av søknadsløysinga gjeld ikkje søknadar som privatpersonar kan sende inn sjølv.

Gjeld ikkje pågåande byggesaker

Har du ei pågåande byggesak, der du tidlegare har brukt e-post til å søke om tiltak med krav om ansvarlege føretak? Då skal du ikkje søke på nytt. Kravet om å søke i ei e-byggesaksløysing gjeld for søknadar som blir leverte frå og med 1. september 2025. 

Kommunen kan stille krav til digitale søknader

Kommunen har heimel til å avvikle innsending av byggesøknadar på e-post: