Helene Vorren seier kommunen set ut nye bossdunkar for å få meir effektiv søppelhandtering og ikkje minst eit reint og triveleg Ålesund.Helene Vorren, rådgivar for miljø og samferdsel i Ålesund kommune, seier det er fleire grunnar til at dei no har starta utskiftinga av dei gamle dunkane.
- Overfylte dunkar og dermed søppel i gatene er eit problem, men søppelhenting og handtering er dyrt, så målet er å tøme dunkane til rett tid; ikkje for ofte og ikkje for sjeldan, slik at vi får kostnadseffektiv bosstøming og reine gater.
I tillegg peiker Helene Vorren på fordelen for dei tilsette.
- Det nye systemet er enklare og sikrare for dei som skal handtere bosset. No blir det dunkar som blir trilla ut til bossbilen i staden for slik det er i dag med tunge løft og lemping av sekkar som kan innehalde skarpe og farlege gjenstandar.
Starten på ei stor utskifting
Ålesund kommune har skrive under avtale med Namdal Ressurs As om levering av vel 100 nye, “smarte” dunkar.
Dei første dunkane blir plasserte ut denne veka, og så vil utskifting av dei tradisjonelle dunkane skje gjennom dei neste tre åra. Dei nye dunkane kjem på kommunale område, og ein startar utskiftinga der utfordringane er størst. Det betyr i bygater og andre stader med mykje folk og aktivitet, som Emblemssanden og Byparken.
Etterkvart vert dunkane å sjå på kommunale områder i alle delar av kommunen.
Reint og triveleg
Helene Vorren fortel at denne nye typen søppeldunkar allereie finst i mange større byar, men ho er like vel spent på oppstart og innkøyring.
- Dunkane skal kommunisere med Attvin og fortelje at no trengst det tøming. Det blir spennande å sjå korleis det går no i innkøyringsfasen, men vi gjer dette for å få meir effektiv søppelhandtering i det offentleg rom og ikkje minst eit reint og triveleg Ålesund som vi alle kan vere ekstra stolte av.
Apotekertorget er ein av dei første stadene med dei nye dunkane.