Bli kjent med kommunedelen Indre Borgund

Indre Borgund kommunedelsutval har ønskje om å bli betre kjent i sin kommunedel gjennom ein liten rundtur med Emblemsruta, ein veteranbuss som Emblemsbygda Billag i si tid brukte i vanleg rutetrafikk. Vil du vere med 12. juni? 

Grønt gress og sjø, person står ved vannet - Klikk for stort bileteEmblemssanden


Kommunedelsutvalet vil gjerne at også andre kan ta del på denne rundturen der vi kan få sjå både 
det som er bra og mindre bra. Vi kan ta stopp under vegs for å sjå på spesielle ting og eventuelt 
møte folk som har synspunkt dei gjerne vil presentere for dei folkevalde.

Dato: Torsdag 12. juni kl. 17.00 
Oppmøte: På parkeringsplassen brukt for den som skal til Emblemsfjellet, raud ring på kartet nedanfor. 

Kart_emblemsrute_KDU.jpg

Reiseruta blir frå aust til vest og litt av det imellom. Bussen har kun plass til 50 personar.