Tidlegare har du måtte sende ein e-post til kommunen, for å få leidningskart. No blir du i staden vist til eit skjema som hjelper deg til å legge inn dei nødvendige opplysningane i bestillinga. Det gjer at saksbehandlinga kan gå raskare.
Endringa til digitalt bestillingsskjema heng også saman med strengare krav til sikkerheit. Leidningsnettet er kritisk infrastruktur og det er no krav om at du som privatperson må legitimere deg for at ein skal vere sikker på at du er eigar av eigedomen du ber om leidningskart for. Entreprenørar må også legitimere seg.
Bestilling
Det er difor lurt at du har BankID, gards- og bruksnummer og eventuelt gateadresse klart når du skal fylle ut skjemaet.
Bestillingsskjema finn du her.
Bestillingsskjema vil også ligge lett tilgjengeleg på sidene til Vatn og avløp her på Ålesund kommune si heimeside.