Linn Eidskrem Handeland, Ålesund frivilligsentral og Anna Elise Vadset, Ålesund bibliotekLaurdag 9. mai 2026 kl. 12–14 inviterer Ålesund bibliotek igjen til barnas leikebyttedag. Etter gode erfaringar frå tidlegare arrangement blir det no ein ny dag der barn kan byte leiker dei ikkje lenger brukar, i andre leiker som kan få nytt liv.
Målet med leikebyttedagen er å gi barn ei konkret erfaring med gjenbruk, miljø og ansvarleg forbruk. Samstundes viser arrangementet kor mykje glede det kan vere i å gi vidare noko andre kan få nytte av.
– Leikebyttedagen viser at ein ikkje alltid treng å kjøpe nytt for å få noko «nytt». Barn lærer at det dei ikkje lenger treng, kan bli svært verdifullt for andre, seier Linn Eidskrem Handeland ved Ålesund frivilligsentral.
– Leikebyttedagen handlar om å vise barn at det er mogleg å ta miljøvenlege val og samtidig få nye leiker. I tillegg er dette eit tilbod som gjer det mogleg for familiar å skaffe leiker utan kostnad, seier Anna Elise Vadset ved Ålesund bibliotek.
Slik fungerer leikebyttedagen
Barn kan levere inn inntil ti leiker som er heile, reine og i god stand. For kvar leike dei leverer inn, får dei bongar som kan brukast til å byte til seg andre leiker under arrangementet.
Den siste halvtimen kan alle velje fritt blant leikene som er att.
Innlevering av leiker
Leiker kan leverast inn på Ålesund bibliotek i opningstida (lavblokka ved Ålesund rådhus, 2. etasje).
Eit samarbeid for berekraft og fellesskap
Arrangementet er eit samarbeid mellom Ålesund frivilligsentral, Ålesund bibliotek, Besteforeldrenes klimaaksjon, hjelpegruppa Ålesund og Redd Barna.