Ålesund kommune innfører innkjøp- og tilsettingsstopp 

Leiargruppa i Ålesund kommune har frå måndag 2. oktober innført tilsettings- og innkjøpsstopp. Alle behov om tilsettingar må opp til leiargruppa for vurdering. Bakgrunnen for dette er at prognosen for 2023 viser eit stort meirforbruk for 2023, på per no underkant av 80 millionar.   

Oversiktsbilde av sentrum og Ålesund rådhus  - Klikk for stort bileteÅlesund rådhus Petter Otto Dybvik

-Eg er bekymra for utviklinga som viser eit stort meirforbruk på veg inn mot 2024. Vi må ha fokus på styring i tillegg til arbeid med kommunedeling. I tillegg må vi justere drifta for ein lågare tenesteproduksjon, og det vil bety at nokre oppgåver må vente.  Vi innfører derfor innkjøp- og tilsettingsstopp som eit av flere tiltak, seier kommunedirektør Jon Steven Hasseldal.  

Tilsettingar skal opp til leiargruppa 

Leiargruppa set ein umiddelbar stopp på nye tilsettingar for Ålesund kommune. Verksemdleiar må sende inn behov for utlysning av stillingar med begrunning til kommunalsjef innan fredag, før ein startar arbeid i Webcruiter. Kvar måndag vil leiargruppa gå gjennom innkomne utlysningar.  

  • Vurderinga skal ta utgangspunkt i gjennomføring av forsvarlig drift, og forhold som berører liv og helse.      
  • Midlertidige tilsettingsforhold skal som hovudregel ikkje forlengast. Forlenging av midlertidige tilsettingar må opp til vurdering på same måte. Bruk skjema for å melde inn behov.  
  • Bruk av vikarar skal som hovudregel begrensast til eit minimum. Bruk skjema for å melde inn behov.  
  • Bruk av overtid skal begrensast.   
  • Bruk av tilkallingsvikarar skal kun brukast når det er heilt nødvendig.   

 
Unntak:  
Det er eitt unntak, og det er stillingar som er midlertidige for arbeid med kommunedeling. Dei stillingane som allereie er utlyst skal fullførast som planlagt. Ein må og pårekne overtid knytt til kommunedeling for å kome i mål med dette arbeidet.  
 

Kun innkjøp som er strengt nødvendig 

På grunn av det store meirforbruket er det nødvendig å stramme inn på innkjøp. Leiargruppa vil gå gjennom dei innkjøpa som er meldt inn kvar måndag. Det er kun innkjøp som er strengt nødvendig og vurdert opp mot lovpålagt drift.  

Kurs og tenestereiser 

På grunn av det store meirforbruket må vi redusere bruk av kurs og tenestereiser ut 2023. Bruk av kurs og reiser må reduserast til eit minimum. Reiser og kurs som allereie er bestilt kan gjennomførast.   
 

Retningslinjer for julebord 

Kommunen har innført retningslinjer for at julebord og arrangement for tilsette ikkje skal dekkast av verksemda sitt budsjett. Det gjeld mat, drikke og underhaldning. Dette må gjennomførast med dekning frå kvar tilsett. Ein kan nytte kommunale lokale til slike samlingar.  

 Det skal denne veka vere drøfting med tillitsvalde.