Kommunal rapport rangerer med jamne mellomrom kommunane i Norge og gir oversikt og hjelp til kommunar med å sjå utvikling og korleis dei ligg an i forhold til andre kommunar.
Oppdateringa av Kommunebarometeret som kom no viser at Ålesund ligg på 119. plass av dei 357 kommunane i landet. Dette er ei fin forbetring frå 155. plassen i fjor og 153.plassen i 2024.
Plasseringa er summen av 157 nøkkeltal innan ei rekke sektorar, og Ålesund varierer frå toppskår i landssamanheng på fleire område til å ligge langt nede på tabellen.
Både gode og dårlege resultat
Ordførar Håkon Lykkebø Strand seier han er glad for å sjå fleire punkt der Ålesund ligg heilt i toppen i kommune-Norge.
- Det gjeld alt frå at høge og gode tal på andel barn som får helseundersøking til at vi har lave kostnader til administrasjon.
Medan fleire områda ligg langt oppe på rangeringa er det dårlegare tal på andre område som saksbehandling på byggesøknader.
- Men her har det vore ein snuoperasjon og blitt jobba knallhardt, så det er berre er eit spørsmål om tid før vi ventar at det vil vise tydeleg forbetring på statistikken og at det merkast for innbyggarane våre.

Forbetra resultat
Ordføraren tek også fram punktet som gjeld økonomi.
Tala i Kommunebarometeret viser at vi har bra kontroll på kostnadene, men høg gjeld og dermed høge renteutgifter som gir utslag både i rangeringa og i kvardagen i kommunen. Likevel ser vi også her at kontroll på kostnader og omlegging av drift gjer at vi greier å dreie i retning ein sunnare økonomi. Det vil til slutt gi oss musklar til vidare satsingar i kommunen.