Sunniva Rogne
I perioden 20. mars - 5. mai vert Ålesund bibliotek stengt på grunn av bygningsarbeid. Vi oppmodar om å nytte Moa bibliotek så langt som råd i denne perioden. Ved Moa bibliotek kan du låne og levere bøker, kopiere og skrive ut, lese aviser og delta på faste arrangement og aktivitetar.
Lån og innlevering
- I stengeperioden vil du ikkje kunne reservere bøker som tilhøyrer Ålesund bibliotek. Du kan heller ikkje velgje Ålesund bibliotek som henteavdeling når du bestiller bøker i Bibliofil-appen eller på Mi side.
- Nokre få bøker, som er bestilte frå andre bibliotek eller som er reserverte lenge før stengingsperioden, vil ein likevel få moglegheit til å hente i Ålesund. Dei lånarane som dette gjeld, vil få ei melding om det.
- Alle utlån ved Ålesund bibliotek har blitt forlenga til 12. mai. Om du likevel vil levere i stengeperioden, kan du anten levere i innleveringskassa utanfor biblioteket, eller ved Moa bibliotek.
- Dersom lånet ditt ikkje har blitt forlenga, kan du kontakte biblioteket.
- Bøker som tilhøyrer andre bibliotek, har ikkje forlenga utlån. Desse må leverast inn ved Moa bibliotek, eller i innleveringskassa.
Arrangement og aktivitetar
Dei faste arrangementa til biblioteka vil finne stad i lokala til “Sydvesten”, som ligg i første etasje på høgblokka (Rådhuset). Dette gjeld til dømes strikkekafe, språkkafe, høgtlesing og leksehjelp. Tidspunkta for dei faste aktivitetane er dei same som alltid. Du finn framleis oversikt over desse i kalenderen her på heimesida:
Kva skjer? Kalender for Ålesundsbiblioteka
Biblioteket vil også arrangere aktivitetar for barn i “Sydvesten”- lokala i tidsrommet mellom kl. 15.00 og 18.00 dei fleste vekedagar. Lær å kode, planteverkstad og teikne-workshop er døme på slike aktivitetar.
Avislesarane våre vil kunne lese aviser på Innbyggartorget, i første etasje på Rådhuset.
Kontakt
Om du treng å kome i kontakt med biblioteket i den perioden vi held stengt, kan du anten sende epost til alesund.bibliotek@alesund.kommune.no, eller ringe Moa bibliotek på tlf. 70 16 45 30.