Siste nytt

Siste nytt

Gode helseleiarar for framtida

Master i helseledelse, inne i sitt første studieår, opplevde stor interesse allereie som flunkande nytt studium. No er søkartala for neste haust klare, og dei syner at utdanninga er eit av NTNU sine aller mest populære masterstudium.    

Betring i økonomien, men framleis svært alvorleg

Skatteinngangen til kommunen er høgare enn venta. Prognosar viser at kommunen kan vente 72 millionar kroner i auka skatteinntekter i 2021. Men dette løyser ikkje alle dei økonomiske utfordringane kommunen står framfor. No får  formannskapet nok ei sak til behandling på korleis kommunen skal få budsjetta i balanse.  

Hjelp til dei som opplever vald i nære relasjonar

Mange opplever vald i nære relasjonar. Veit du kva du kan gjere om du mistenker at nokon ikkje har det greitt heime?  

Fleire brot på løyvet for avløpsanlegg i Ålesund kommune

Statsforvaltaren har varsla Ålesund kommune om at dei kjem til krevje framgang i arbeidet med å rette opp manglar når det gjeld reinsing av vatn og problem med ureinsa overvatn. Kommunen fekk brevet frå Statsforvaltaren 16. mars 2021.    

Ålesund med i nettverk for klimaarbeid

Ålesund vart i 2021 ein av tre nye kommunar i nettverket I front . Dette er eit kommunenettverk for klimatilpassing. Kommunen er allereie brukt som eksempel i ein analyse for korleis klimarisiko vil påverke kommunane.

Ålesund på det europeiske fjernvarmekartet!

Som by nummer 50, er Ålesund no representert på det europeiske fjernvarmekartet. Ålesund er med dette den tredje norske byen på denne europeiske oversikta som viser eit mangfald av berekraftige varme- og kjøleløysingar i byar i Europa.    

Frå ord til handling – 5 konkrete berekraftsprosjekt

I prosjektet Jakta på berekraftsmetoden arbeidde fleire arbeidsgrupper i 2021 med konkrete forslag til løysingar på utfordringar i Kristiansund, Molde og Ålesund. Utfordringane er innan avfallshandtering, lønnsgap mellom kvinner og menn og vatn og avløp.        

Kommunen og NHO vil hjelpe bedrifter med smittevern

Enkelte verksemder har problem med å by sine utanlandske arbeidarar husvære eller opphaldsstad som fyller bustadkrava som er i karantene. No oppmodar både Ålesund kommune og NHO om at dei som ikkje klarer på fylle krava, tar kontakt for å få hjelp og rettleiing.         

Rapport om miljøanlegget på Kvasnes og påverknad på naturmangfaldet

For å rydde opp i fjordsystema rundt Ålesund og Sula må det byggast nytt miljøanlegg for reinsing av avløpsvatn. Firmaet Rådgivende Biologer AS har vurdert konsekvensane for det marine naturmangfaldet dersom det blir bygd eit anlegg på Kvasneset i Sula.    

Bærum og Ålesund får støtte til berekaftig prosjekt

Forskningsrådet gir 6,9 millionar kroner i støtte til eit innovasjonsprosjekt om berekraftig utvikling og innovasjon, leia av Ålesund og Bærum kommunar.     
Til toppen