Det er spennande og viktige prosjekt som har fått støtte, alle vil bidra til et mer attraktivt sentrum over tid.
Jannike Amdam Helland
Ålesund kommune
- Eg er særleg glad for støtte til dei prosjekta som skal bidra til fleire opne møte- og aktivitetsplassar for barn og unge i sentrumsområdet, seier prosjektleiaren for byutviklingsprosjekt i Ålesund kommune, Jannicke Amdam Helland.
- Vi er mange som har dette høgt på ønskelista, både internt og eksternt. Av desse vil eg trekke fram etablering av opent aktivitetstorg på nye Kolvikbakken ungdomsskole, utgreiing og skisseforslag av utandørs skatepark i sentrum, og etableringa av Kulturhamna på Sørsida.
Kommunen har også fått tildelt støtte til to spennande prosjekt som begge skal bidra til å gjere nye Kiperviktorget endå meir attraktivt, her er det pengar både til kunst og til innlemming av smartby-teknologi og -prinsipp inn i utviklinga av torget.
Her er oversikt over alle prosjekta som fekk støtte frå Byen som regional motor:
Aktivitetstorg ved nye Kolvikbakken ungdomsskole
Under planlegginga av nye Kolvikbakken ungdomsskole såg ein eit potensiale for å kunne gjere endå meir ut av utearealet i tilknytning til skolen enn å «berre» etablere ein tradisjonell skolegård. Kommunen søkte derfor fylket om pengar til å inkludere eit nærmiljøanlegg i form av eit aktivitetstorg til skolens uteområde. Torget skal utformast slik at det blir ein attraktiv sosial møteplass der det også er tilrettelagt for eigenorganisert fysisk aktivitet . Her blir det blant anna streetbasket, buldreapparat, balanseområde, bordtennis (under tak), flate med kunstgras til ulike ballspill, aktivitetsrundløype og eigen tuftepark.
- Vi håper at vi på denne måten kan vere med på å gjere utearealet attraktivt og tilgjengeleg for lokalmiljøet også utanfor skoletid, kvar dag og gjennom heile året. Vi håper også at ungdom frå andre delar av Ålesund vil besøke anlegget utenom skoletida, seier Amdam Helland.
Utredning og skisseforslag av utandørs skatepark i Ålesund sentrum
Ein utandørs skatepark har lenge stått høgt på ønskelista til mange barn og unge i Ålesund. Gjennom dette prosjektet skal kommunen utrede utvalde sentrale byrom i sentrum, for å få eit kvalitetssikra kunnskapsgrunnlag på plass for mogleg plassering av ein skatepark. Prosjektet omfattar også ferdig utarbeidde skisseforslag for utforming av skatepark for dei to lokasjonane som så blir vurdert som best eigna.
Kommunen ønsker ein brei og god prosess, der ulike brukargrupper, kommunedelsutval, næringsliv og politikarar blir inkluderte etter kvart - for å nemne nokre. I tillegg skal ei rekke kriterium vurderast nøye. Nokre av kriteria som skal vurderast er: Tilgjengelegheit og tryggheit for besøkande, mogleg tilpassing til området rundt, støy som følge av bruken og vêrforhold.
- Vi ønsker at anlegget blir sett i samanhang med andre pågåande og planlagde byutviklingsprosjekt, slik at vi oppnår vinn-vinn på fleire område, fortset ho.
Kulturhavna – sjøtrapper og utvida bygolv
Ålesund kommune har tidlegare fått støtte til etablering av Kulturhamna på Sørsida. Opprinneleg søknad omfatta berre bygging av sjøtrappene og etablering av det nye vassrommet. Då pengane blei tildelt, såg ein for seg at etableringa av sjøtrappene ville skje tilnærma samtidig som bygginga av Sørsideskolen.
- Men prosessen rundt Sørsideskolen har tatt lengre tid enn først forventa, seier Jannicke Amdam Helland.
- Derfor søkte kommunen om ekstra pengar i 2020, til å kunne etablere eit utvida bygolv, med belysning, urban møblering og tilrettelegging for fysisk aktivitet. Slik ønsker vi å sikre at området fremstår som attraktivt for innbyggarane frå dag ein etter det er ferdig - trass i at skolebygget er forsinka.
Prosjektet er i gang og skal vere ferdig i løpet av 2021.
Tiltak som har fått støtte gjennom Byen som regional motor per 2.9.2020:
- Kunst i byrom, Kiperviktorget 1 650 000 kroner
- Smarby-prinsipp i planlegging av Kiperviktorget 500 000 kroner
- Aktivitetstorg for barn og unge, Kolvikbakken Ungdomsskole 1 500 000 kroner
- Medverknadsprosessar i utvikling av byromsstrategi 300 000 kroner
- Kulturhamna – bygolv, møblering og fysisk aktivitet 1 650 000 kroner
- Utandørs skatepark i Ålesund sentrum 400 000 kroner
- Utvikling av St. Olavs plass, Korsatunellen og Harald Torsviks plass 1 000 000 kroner