22.juli-markeringa løftar ytringsfriheit og demokrati

15 år etter minnest vi dei som døydde i terrorangrepet på Utøya og regjeringskvartalet 22. juli 2011. Og i “22.juli-samtalen” spør vi om demokratiet har vorte sterkare eller skjørare sidan då?

høg minnestein med grøn park bak - Klikk for stort bilete

Markeringa skjer i Spjelkavik kyrkje og ved minnesteinen utanfor kyrkja. Steinen er sett opp for å minne om hendinga og dei mange drepte. Frå Ålesund var det Jon Vegard Lervåg som miste livet i 22.juliangrepet.
Klokka 16 blir det det opa kyrkje med musikk og tid og ro til ettertanke.

Klokka 16.30 blir det markering ved minnesmerket der alle dei 77 som omkom på Utøya og regjeringskvartalet lest opp. Det blir kransenedlegging ved ordførar i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand, krans frå AUF og Støttegruppa etter 22. juli i tillegg til musikalske innslag ved Audun Skorgen.

“22.juli-samtalen”

Etter minnemarkeringa, cirka klokka 17.15, blir det “22.juli-samtalen” i kyrkjekjellaren. Temaet er demokratiet 15 år etter 22. juli 2011. Kva har skjedd? Har det blitt sterkare eller skjørare? Vi ser på det spesielt med tanke på ytringsfriheit, truslar og krefter som destabiliserer og vil splitte oss som folk. 

Deltakarane representerer ulike samfunnsinstitusjonar og innfallsvinklar til temaet; politiet, media, det politiske miljøet og ungdom og AUF. 

Dei som deltek er:

  • visepolitimeister i Møre og Romsdal politidistrikt og tidlegare distriktsleiar for politiets sikkerheitsteneste (PST), Kenneth Sætre, 
  • samfunnsredaktør i Sunnmørsposten, Jan Erik Røsvik, 
  • ordførar i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand, 
  • fylkessekretær i Møre og Romsdal AUF, Iver Aarebrot og
  • formannskapsmedlem i Ålesund kommune, Anne Berit Støyva Emblem.

Varaordførar Jessica Gärtner og formannskapsmedlem Anne Berit Støyva Emblem er med i årets 22. juli-komite i Ålesund. Dei seier det både er viktig å minnast dei som vart drepne og den grusomme hendinga frå sommaren 2011 og samtidig sjå framover.

Dette er ei hending som vi som enkeltpersonar og som samfunn ikkje må gløyme. Men, vi må også bruke merkedagen for terrorangrepet til å tenke på framtida og styrke og verne om demokratiet. Difor opplevest det meiningsfullt å samlast på 22. juli for å forsvare og bygge opp det som også vart angripe; demokratiet, ytringsfriheita og ytringsmangfaldet. 

Ålesund kommune og Ålesund Arbeiderparti samarbeider i år om 22. juli-markeringa, slik ein gjer kvart femte år. 

Arrangementet er gratis, ope for alle og alle er velkomne til å vere med på heile eller delar av samlinga.