Oppheving av reguleringsplanar

Kommunestyret i Ålesund vedtok 21.03.2024 å starte ein prosess med oppheving av eldre reguleringsplanar. Formålet er å rydde i planregisteret, oppdatere plangrunnlaget, forenkle plan- og byggesakshandsaminga og redusere behovet for dispensasjonar.

Mange av innbyggarane våre har fått brev som seier at eigedommen deira inngår i ein eldre reguleringsplan som skal opphevast, og at Kommunedelplanen for Ålesund 2016-2028 vert styrande for arealbruken. 
For dei aller fleste grunneigarar og rettshavarar får ikkje opphevinga praktisk betydning.

Planutvalet har hittil oppheva 22 eldre reguleringsplanar og planendringar, dei fleste frå 50- og 60-talet.

Det er viktig å ha oppdaterte planar og planregister for å vareta formålet i plan- og bygningslova § 1-1 om m.a. berekraftig utvikling, medverknad og forutsigbarheit.

I 2025 har kommunen fått støtte frå Miljødirektoratet gjennom Natursats-ordninga, dette gjer at vi kan trappe opp arbeidet og vurdere behovet for oppheving av fleire planar.