Ny høyring - Forslag til forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar

Ålesund kommunestyre vedtok i møte 12. desember 2024 følgjande:
«Ålesund kommunestyre vedtar forskrift om åpen brenning og brenning av avfall i småovner, Ålesund kommune, Møre og Romsdal, med følgende endringer:

Nytt punkt 5 e) Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strøk. Brannvesenet skal varsles om brenning.
Nytt punkt 5 f) Brenning av hageavfall på øyer og holmer uten veisamband eller rutegående samband. Brannvesenet skal varsles om brenning.»

Desse unntaka er ei vesentleg endring av forskrifta som først vart sendt ut til høyring sommaren 2024. Forslaget til forskrift om open brenning vert difor sendt ut til ny høyring, jf. forvaltningslova § 37.

Heile saka finn du her. (PDF, 524 kB)

Du kan også sjå saka hos innbyggartorga.


Du kan sende eventuelle kommentarar og innspel på desse måtane:

  • Digitalt gjennom Altinn til Ålesund kommune med org.nr. 929 911 709
  • Elektronisk til postmottak@alesund.kommune.no 
  • Med brev til Ålesund kommune, postboks 1521, 6025 Ålesund.

Høyringsfristen er 1. september 2025.