Høyring - Plan for friluftslivets ferdselsårer

Har du innspel til Plan for friluftslivets ferdselsårer, og val av satsingsområde skiting og merking? Høyringsfrist er 16. mai. 

Kva for ein av dei kartlagde ferdselsårene meiner du er for dårleg merka, eller skilta? Om du ikkje ser den ferdselsåra i tiltakslista ber vi deg om å kome med innspel så vi kan ta den med i planen. Det kan vere ein av dei korte turane du kan gå frå boligen din, eller ein av dei lengre turane på fjellet der du må ta kollektivtransport eller køyre bil.  Du kan også kome med innspel til Plan for friluftslivets ferdselsårer.

Målet med planen er å få betre oversikt over alle ferdselsårene, og kunne gi enda fleire glede av naturen og friluftslivet. 

Dokument i saka

 

Slik sender du inn innspel

Send helst spørsmål, innspel og merknader til ei sak digitalt. 

Send høyring digitalt

Det er også mogeleg å sende e-post (Postmottak@alesund.kommune.no) eller brevpost til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund. Merk e-posten eller brevet med tittelen på høyringa. 

Vær obs på at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, så ikkje send sensitive opplysningar.

Ansvarlig for høyringa: Avdeling for idrett og fysisk aktivitet

Høyringsfrist: 16.05.2025